Miljøarbeider
Time kommune
- Frist 07.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeider
Har du lyst til å jobbe på ein ny skule, der det praktiske møter det digitale, og der initiativ og engasjement blant tilsette blir heia fram?
Vardheia ungdomsskule opna dørene i august 2021 og har ein fantastisk gjeng med engasjerte tilsette, flotte elevar og ein skulebygning utanom det vanlege.
Men akkurat nå manglar me 2 miljøarbeidarar i 80% stilling
Hos oss vil du få sjansen til å jobbe i eit solid, breitt og ungt miljø med mykje energi, engasjement og stor interesse for å skape unike læringsprosessar for våre elevar. Me har eit spesielt fokus på å arbeide tverrfagleg, anerkjenning av ulike talent og står solid på to bein: det praktiske og det digitale
Skulen er bygd gjennom samarbeid mellom Klepp og Time kommune og har plass til 450 elevar frå begge kommunane.
Første etasje er sett av til dei praktiske faga, bygd etter model frå vidaregåande skule. Skulen har ei velutstyrt tradisjonell kunst- og handverksavdeling. I tillegg har skulen store og velutstyrte verkstadar for metall og mekaniske fag, bygg og trefag og storkjøkken og restaurant. Dermed ligg alt til rette for å kunne gje elevane arbeidslivsfag på eit nivå få ungdomsskular har høve til.
Skulen er også utstyrt med eit stort skaparverkstad med ulike typar maskinar og produksjonsutstyr. Her kan elevane få utfolde sin kreativitet gjennom arbeidsformer som til dømes elevbedrift ved hjelp av mange av dei verktøy næringslivet har å tilby.
Undervisningsromma i andre etasje er organisert fagvis og skolen har forlatt dei tradisjonelle klasserom til fordel for fagrom. Dette gir høve til å tilpasse innreiing og utsmykking til dei enkelte fag sin eigenart og kan med dette også bidra til å skape eit godt fagleg læringsmiljø.
Sentralt i skulebygget er kantine og sceneområde, læringslab og mediatek. Desse områda er tilgjengelege for elevane gjennom skuledagen og vil bli brukt aktivt både i forhold til fagleg og sosialt arbeid.
Skolen er skildra godt i Utdanningsnytt, sjå https://www.utdanningsnytt.no/praktisk-undervisning-ungdomsskole/vardheia-ungdomsskole-er-bygget-som-en-yrkesfaglig-skole-med-verksteder-storkjokken-og-restaurant/308608
Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar forløpande til intervju. Me gler oss til å bli kjent med deg!!
Arbeidsoppgåver
- Verdas beste og viktigaste jobb: Utdanning av ungdom- Sjå og møte den einskilde elev der ho/han er
- Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang både sosialt og fagleg
- Samarbeida godt og spela på lag med andre
- Vere med å organisere tverrfaglege tema og fagdagar
Kvalifikasjonar
- Helst 3 årig høgskule, til dømes barnevernspedagog, psykologi eller vernepleier.
- Gode kunnskaper både fagleg og didaktisk, i den eine stillinga er det ønskeleg med arabisk kompetanse
- Er ein tydeleg og strukturert
- Kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter tilsette som har gode relasjonskompetanser, god samarbeidsevner og er dyktig på å møte ungdommar. Du må vera sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysningsorientert. Du må ha eit stort engasjement for elevane og skulen
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer med mye energi, initiativ og eit særs godt og ungt arbeidsmilj- Heilt ny og moderne skule med særs gode fasilietatar der alt ligg til rette for praktisk, variert og engasjerande læriing
- Lønn etter tariff og kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Nordlysvegen 10, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent, Barnevernspedagog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøarbeider, Elev, Miljøteam
- FINN-kode 358587495
- Sist endret