Rådgjevar
Helse Bergen
- Frist 11.08.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar
Brenn du for simulering og ferdigheitstrening? Då er dette vikariatet ved Senter for simulering og ferdigheitstrening (SSF) noko for deg!
SSF er ein del kompetanseutvikling i Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) ved Haukeland universitetssjukehus.
SSF tilbyr medisinsk simulering, undervisning og trening på praktiske ferdigheiter innan helsefag og akuttmedisin. Målet vårt er å utvikle praktiske ferdigheiter, handlingskompetanse og tverrfagleg samarbeid mellom helsepersonell.
Senteret er etablert for at sjukehuset sine medarbeidarar skal ha ein arena for å trene på praktiske ferdigheiter og drive simulering. I tillegg blir det halde kurs for eksterne aktørar innan offshore-verksemd.
Vi har ledig eit vikariat frem til 30.06.2025 i 70-100% stilling som rådgjevar og vi søker deg som er sjukepleiar/spesialsjukepleiar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, organisering og gjennomføring av kurs i helsefagleg simulering
- Planlegging og tilrettelegging av undervisning og ferdigheitstrening innan praktiske prosedyrar, akuttmedisin og teamtrening
- Tilrettelegging av kurs og undervisning for senteret sine brukarar
- Vedlikehalde kompetanse innan hjarte/lungeredning (DHLR/AHLR) i føretaket
- Medverke i faglege nettverk og instruktøropplæring i regi av SSF
- Dagleg drift av senteret
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Minimum 3 års klinisk yrkeserfaring
- Digital og teknisk kompetanse
- Undervisningskompetanse
- Erfaring frå undervisning innan medisinsk simulering og ferdigheitstrening
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Ønskeleg:
- Instruktør i DHLR/AHLR
- Prehospital erfaring
Personlege eigenskapar
- Kunne jobbe målretta og har god arbeidskapasitet
- Evne til å organisere og vere god til å prioritere arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape dialog mellom samarbeidspartar og vere god på teamarbeid/samhandling
- Positiv, fleksibel og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God formidlingsevne
Vi tilbyr
- Tverrfagleg miljø med høgt fagleg nivå
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Opplæring og kurs i aktuelle arbeidsoppgåver
- Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utvikling
- Løn etter avtale
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Spesialsykepleier, Rådgiver
- FINN-kode 360790370
- Sist endret