Sjukepleiar/helsefagarbeidar 80% fast stilling natt
Øygarden kommune
- Frist 16.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Straume bu og servicesenter, 2. gongs utlysning
Om avdelinga
Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktive, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast fast stilling på natt for sjukepleiar eller helsefagarbeidar frå 1. september. 3% av stillinga er knytt til timebank, men alt vert lagt inn i årsturnus. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som saman har ansvar for 52 bebuarar på senteret.
Straume bu og servicesenter deltek i TØRN piloten «Oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning». Vi jobbar med løysingar for god oppgåvedeling, den gode vakta og kontinuitet i bemanning.
Arbeidsoppgåver:
- Utøva god fagleg omsorg til våre bebuarar
- Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
- Ivareta bebuars individuelle behov
- Du bidreg til eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
- Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette
- Du bidrar med fagleg autoritet og varme.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Gyldig politiattest
Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid med eldre
Personlege eigenskapar- Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar/helsefagarbeidar
- Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
- Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
- Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
- Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørande
- Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagt
Vi tilbyr:
- Støttande leiing og gode kollegaer
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Startlån
Kontakt:
Einingsleiar Helen Ågotnes, tlf: 930 93 183
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 3, 5354 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Anestesi, Helsepersonell / Alternativ medisin
Nøkkelord
Sykepleier, sjukepleiar, helsefagarbeider, helsefagarbeidar
- FINN-kode 361595411
- Sist endret
Lignende annonser
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/04/9/359/857/529_250423fd-73cf-4a1f-bab8-c2931fdcb269.jpg)
![Øygarden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/6/359/860/856_afe6192e-50d3-4b10-ae6d-16f40559db16.png)
![Øygarden kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/9/359/860/849_50ed8c30-1366-4259-80c4-19ac0bf44512.png)
![Læringsverkstedet Aronien Barnehage AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/26/1/358/836/831_c917a5e3-270a-4cd6-bce9-bce3c72eb3b6.jpg)
Brenner du for barn i bevegelse og vil jobbe i Idrettsbarnehage?
Læringsverkstedet Aronien Barnehage AS
![Prima Assistanse avdeling Vestland logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/24/6/358/573/276_ddbfb2c6-8861-42fc-a46a-29d2b17b3142.png)
![Brilleland Sartor Straume logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/03/4/359/741/114_ad39c7f3-d892-4626-91c4-56edf112ff33.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Askøy kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/17/7/361/550/137_41568738-15bf-4b26-9722-c0c66cc4137f.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)