![Agito Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/08/3/364/770/303_db0a7f2c-3da4-4404-b3f1-77de79ff2283.png)
Jordmor
Samnanger kommune
- Frist 01.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer
Jordmor
Om stillinga
Me har ledig 20 % stilling som jordmor ved Samnanger helsetun sentralt i Samnanger, 40 minutter køyring frå Bergen. Det er i snitt 30 fødslar i kommunen årleg. Jordmor jobbar saman med to helsesjukepleiarar på helsestasjon. Journalsystemet er HsPro.
Samnanger kommune er med i prosjektet "Sammen på vei" som er eit frivillig oppfølgingsprogram for kvinner med samansette utfordringar som skal verta mor for første gang. Jordmorkontoret er i same bygg som legekontoret, og det er godt og tett samarbeid. Her får ein moglegheit til å følge kvinna gjennom heile svangerskapet og barseltida. Stillinga er ledig frå 01.10.24.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskaps- og barselomsorg
- Heimebesøk av jordmor etter fødsel
Kvalifikasjonar
Krav
- Autorisasjon som jordmor
- Utanlandsk utdanning må vera godkjent av HK-dir
Ønskjer
- Erfaring frå svangerskapsomsorg i kommunehelsetenesta
- Erfaring frå fødeavdeling
- Rekvisisjonsrett og erfaring med LARC
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har/er:
- Høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Fleksibel og løysingsorientert i forhold til brukar
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring innan fagfeltet
- Me gjer merksam på at du må legge fram politiattest
Me tilbyr
- Fleksible arbeidstidsordningar med eigen timebok
- Moglegheit for å tilpasse kva dag ein jobbar
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Helseeininga består av følgande underavdelingar: kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiarteneste inkl. helsestasjon for ungdom, kommuneoverlege og legekontor. Legekontoret har 4 fastlegar, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar. Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege og helsestasjonslege. På helsetunet har me også eit privat fysikalsk institutt. Alle avdelingar er lokaliserte på helsetunet. Helseavdelinga driv eit utstrekt arbeid innafor kurativt og førebyggande arbeid både når det gjeld somatisk og psykisk helsearbeid.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyssevegen 108, 5650 Tysse
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Jordmor
- FINN-kode 365637000
- Sist endret
Lignende annonser
![Agito Norge AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/08/3/364/770/303_db0a7f2c-3da4-4404-b3f1-77de79ff2283.png)
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)
![Stiftelsen Amathea, avdeling Oslo logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/2/vertical-0/20/1/340/992/811_1113679266.png)
![Akershus universitetssykehus HF logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1035363383/iad_3114434523749424445ny_logo_april_2016.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bedriftshelse1 logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/29/0/363/161/870_54b73b91-1881-4d56-a877-7f552ddfa952.jpg)
![Oslo kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/4/361/429/964_38418809-6d3b-4031-b347-a787ad5f5db7.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-1/06/0/364/411/470_5140113a-39fe-4d29-aad4-35099872328f.jpg)
![Helse Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/413162945/iad_178711011333537950611-12-2012_09-31-30.png)
![Folkehelseinstituttet FHI logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/29/9/363/105/949_b585df0e-75c5-4169-9a4e-a5465f5d3e2c.jpg)