Nattvaktstillingar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 31.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Nattvaktstillingar
Tilrettelagte tenester, f.t Os avlastning, har frå snarast ledig 2 faste deltidstillinger på natt. (55% og 50%). Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbodet er til familie med langvarige og krevjande omsorgsoppgåver. Avlastinga gjeld for born og unge med nedsett funksjonsevne og som treng avlastning i kommunen. Det er eit tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden (Os/Fusa) med Varafjell avlastningssenter, og Os- Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.
Arbeidsstad
Os avlastning - Stillingane er fortida i hovudsak knytt opp mot arbeid i heim.
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitet og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Stillinga er i stor grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging.
Er du glad i utfordringar og varierte oppgåver, som blant anna kan innebera reiser, kan denne stillinga vera særleg spennande og interessant.
Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som helsefagarbeidar men anna relevant utdanning er og ønskjeleg
Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Kjennskap til alternativ supplerande kommunikasjon vil vera ein fordel
Det vil kunna liggja primærkontaktansvar til stillinga
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
Du sit barna i fokus og har god omsorgsevne. Du er engasjert og villig til å by på deg sjølv. Du likar å jobbe sammen i team og ha ett godt samarbeid med kollegaer.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
natt, fast, deltid, turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366075218
- Sist endret