Psykolog / Psykologspesialist
Osterøy kommune
- Frist 15.9.2024
- Ansettelsesform Fast
100 % fast stilling som psykolog / psykologspesialist
Om stillinga
Osterøy kommune har fast 100 % ledig stilling som psykolog i familiens hus, avdeling barn og familieteamet.
Barn og familieteamet arbeider førebyggjande og tverrfagleg for å gi forsvarlege tenester til barn, unge og deira familiar. Dei tilbyr både lågterskel- og barnevernstiltak, og består av ein psykolog, to miljøterapeutar og to familieterapeutar. Barn og familieteamet høyrer til sektor for oppvekst, utdanning og kultur, og er ein av fire avdelingar i Familiens hus.
Familiens hus er eit tverrfagleg kommunalt tilbod som i tillegg til barn og familieteamet inkluderar PPT, Helsestasjon og Barnevern, med mål om auka samhandling mellom tenestene, og styrke tilbodet til born, unge og familiar gjennom tidleg innsats.
Som psykolog i tenesta vår arbeidar du med helsefremmande arbeid på individnivå, systemnivå og forebyggande nivå. Teamet vårt ser etter deg som samarbeider godt både med kollegaer på kontoret, samarbeidspartnarar i kommunen og i andre helseinstitusjonar. Du er fagleg trygg og trivst med å jobbe sjølvstendig.
Stillinga er fast i 100 % og ledig frå 01. november 2024.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med barn, ungdom og deira føresette.
- Deltaking i vidareutvikling av tenesta, ved å mellom anna vere med i arbeidsgruppe for førebyggande plan og betre tverrfagleg innsats (BTI modell)
- Tverrfagleg samarbeid og rettleiing internt og eksternt som til døme undervisning på plandagar for barnehagar og skular i Osterøy kommune.
- Gjennomføre WISC-V på vegne av PPT
Vi tilbyr
- Moglegheit for å være med å utvikle framtidas tenester for barn og unge.
- Arbeid i eit bredt samhandlingsfelt med stort ansvarsområde
- Varierte oppgåver og spannande utviklingsprosjekt
- Offentleg tenestepensjonsordning
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Kvalifikasjonskrav
- Psykologspesialist/psykolog
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
- Ønskjeleg med erfaring frå førebyggande arbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort kl. B
Kven er du?
- Evne til å møte menneske med varme og respekt
- Engasjement for medverking og brukarstyrte tenester
- Evne til å jobbe heilskapleg med vaksne, born, ungdom og deira familiar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om arbeidsgiveren
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
psykolog, psykologspesialist, psykologtenester, psykologi, barn og ungdom
Familie- og omsorgssenteret (1/3)
- FINN-kode 366761314
- Sist endret