Lærar 80 % vikariat , Brattholmen skule
Øygarden kommune
- Frist 11.09.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Lærar 80 % vikariat , Brattholmen skule
Om avdelinga:
Brattholmen skule er ein barneskule med 340 elevar og 60 tilsette. Våre satsingsområde dette året er lesing, djupnelæring, tverrfaglege prosjekt, leik og uteskule. Vår visjon er: Saman skapar vi framtida. Skulen har nynorsk som målform. Brattholmen skule ligg sentralt på Litle Sotra, nær Sartor senter, og ca 20 minutt køyring til Bergen sentrum.
Er du vår nye og engasjerte pedagog som har høge ambisjonar på elevane sine vegne?
Vi ser etter ein lærar som er kvalifisert for undervisning i grunnskulen med norsk, engelsk, matematikk og andre fag. Stillinga har undervisning både på småtrinn og mellomtrinn.
Vikariatet er ledig i tida 01.11.24 til 31.07.25
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Har fagleg tyngde, viser omsorg, er åpen og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
- Er ein god relasjonsbyggar
- God og tydeleg klasseleiar
- Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
- God på organisering og systemarbeid
- Høg personleg og profesjonell integritet
- Er lojal mot skulen sine verdiar og mål
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Ingvill Kvalsnes Blom
Rektor Brattholmen skule
Telefon: 97516949
Epost:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsvegen 1, 5350 Brattholmen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
lærar, adjunkt, lektor, grunnskulelærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368141015
- Sist endret