BPA assistent
Prima Assistanse avdeling Vestland
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Kvinne i 30-åra søker tilkallingsassistent i Ørsta!
Eg er ei aktiv kvinne med kombinert syns- og høyrselstap i 30-åra som søker etter brukarstyrt personleg assistent med godt humør, som er allsidige, ikkje redd for å ta i eit tak og likar å vere i fysisk aktivitet.
Arbeidet består i å yte praktisk bistand både i og utanfor heimen. Eg har vore aktiv innanfor dressurriding, og ønsker å satse innan para-idretten. Akkurat no har eg ikkje eigen hest, men bistand til oppgåver i stall, trening og konkurransar kan inngå som ein del av arbeidet.
I tillegg treng eg bistand til husvask/rydding, matlaging, handling, lese-/skrivearbeid og andre praktiske gjeremål. Eg held på med masterstudie innanfor synsrehabilitering og synspedagogikk, og skal til å forberede oppstart av masteroppgåve. Personar som meistrar godt norsk, engelsk og er kjent med akademisk lesing/skriving oppmodast til å søke.
Fleire av mine assistentar har uttrykt at det å vere BPA for meg har vore ein svært lærerik jobb som har kome godt med å ha på CV-en ved vidare jobb-søking.
Tilsetting skjer gjennom Prima Assistanse som er arbeidsgivar for mine BPA-assistentar. Eg bur delvis i Ørsta og delvis i Bergen, og denne stillinga som tilkalling-assistent er knytt til avdelinga i Ørsta, når eg er heime i Ørsta. Arbeidstid og stad kan variere etter behov, og reise kan førekome.
Eg har eigen bil, manuell gir, og det er eit krav at assistentane har B-sertifikat sidan eg ikkje kan køyre sjølv. Om ein har BE-sertifikat og er vant til å køyre med hengar, tel det positivt. Eg har behov for fleire assistentar som kan køyre hestehengar, men eg har også behov for fleire assistentar som er komfortable med lesing, skriving og studiearbeid.
Kvalifikasjonar:
• Må ha førarkort for bil (Klasse B eller BE).
Eigenskapar som blir vektlagt er:
• Gode samarbeidsevner
• Vere allsidig og ikkje vere redd for å «ta i et tak».
• Gode observasjonsevner da arbeidet inneheld noko beskriving av omgivnadane og personar vi møter.
• Positiv, engasjert og godt humør.
• Vere stabil og møte til avtalt tid.
• Vere effektiv, men ordentleg.
• Vere fleksibel og tilpassingsdyktig.
Vi vil tilby:
• Konkurransedyktig lønn.
• Opplæring vil bli gitt ved tilsetting.
Politiattest må framleggas ved tilsetting.
Er du den rette til å vere BPA hos meg, da håper eg du sender ein søknad.
Kontaktperson:
Når du sender på e-post, merk med følgande i emnefeltet slik at det blir lettare å finne søknaden din: "Søknad BPA 2024 Ørsta"
Send til:
bpakarine@outlook.com
Om arbeidsgiveren
Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag.
- Sektor: Privat
- Sted: 6150 Ørsta
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Annet, Kundeservice, Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
Service, BPA, Prima Assistanse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368454037
- Sist endret