Nattevakt 36 %
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne
- Frist 18.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Nattevakt 36 %
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Kuhnletunet Rekke 2, er det ledig fast nattevaktstilling i 36 %
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne og barn med ulike
funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne, består av 9 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.
Kuhnletunet Rekke 2 ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev tenester til 5 voksne bebuarar med varierande behov.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Nattstillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg + nokre vekedager på natt.
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeidar, men søkjarar med kjennskap til brukargruppa og som er under utdanning innan helse, kan også vera aktuelle.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege
kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369332838
- Sist endret