Dagleg Leiar
Sylvringen as
- Frist 10.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du leia eit lokalt guideselskap i Sogn, og vera med på å utforme morgondagens reiseliv i Vik i Sogn?
Stillinga er ei 60% stiling som dagleg leiar
Arbeidsoppgåver vil vera
· Iverksette selskapet sin vekststrategi og utvikle reiselivet i Vik i samarbeid med våre partnarar.
· Vera «hands on» i operativ verksemd
· Vera selskapet sin representant i forhandlingar med samarbeidspartar, leverandørar og kundar.
· Arbeide opp mot offentlige aktørar og Vik kommune spesielt.
· Planlegge for, og gjennomføre all aktivitet i turistsesongen
Vi søkjar deg som har
· Gode organisasjonsevner
· Gode leiaregenskapar
· Gode beslutningsevner
· God kommunikasjonsevne både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Gjerne også på tysk.
· God på relasjonsbygging og samarbeid
· Gjerne har utdanning eller erfaring innan reiseliv.
Om arbeidsgiveren
Sylvringen as er ei guide-verksemd i Vik. Hovudverksemda er administrasjon av Turistinformasjonen i oppdrag frå Vik kommune, og sal og gjennomføring av guiding for turistgrupper i Vik og omegn. Turistinformasjonen er open i sommarmånadene. Guidinga er for tida konsentrert om månadene April til Oktober, for det meste i samband med cruise-anløp, men også for andre individuelle reisande.
Selskapet er ein sentral aktør i reiselivet i Vik i Sogn, med eige kontor i tillegg til forretningsverksemd i turistinformasjonen.
Selskapet har i dag ein fast lederstilling i 43% i tillegg til inntil 20 deltidstilsette turistvertar og gaidar. Ny dagleg leiar tilsettast i 60% stilling. Dette kan supplerast med vakter i Turistinformasjonen og guiding. Stillingsprosenten kan diskuterast etter sesongslutt 2025.
Selskapet sine ambisjoner er å videreutvikle selskapet i tråd med den kraftige veksten vi opplever i reiselivet i Sogn, herunder heilårsturisme, og auka verdiskaping.
- Sektor: Privat
- Sted: Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Kunst og kultur, Markedsføring og annonsering, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
reiseliv, ledelse, daglig leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370936582
- Sist endret