Helgestilling heimetenesta
Time kommune
- Frist 14.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Helgestilling heimetenesta
Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta sentralt på Bryne. Ønsker du eit godt arbeidsmiljø med mange læremoglegheiter er dette plassen for deg. Me tilbyr gode studentordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar.
Me treng også ringevikarar som kan ta vakter ved behov.
Me har ledig fast helg med arbeid dag og kveld kvar 3. helg.
Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim og i bufellesskap.
Arbeidsoppgåver
- pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim- dokumentasjon etter lov og forskrift
- samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
- turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
- offentleg godkjenning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar- sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka.
- studentar og elevar med anna relevant bakgrunn vil verta vurderte
- erfaring frå heimeteneste og rehabilitering vert lagt vekt på
Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2.
Du må vera over 18 år.
Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i heimetenesta.
Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring.
Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst.
Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet.
Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi tilbyr
- Gode stipendordningar for sjuke- og vernepleiestudentar.
Godt arbeidsmiljø
Fast stilling 14 % dag og kveld 3. kvar helg.
Ønsker du å få eit innblikk i vår kvardag sjå filmen vår under her:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 10, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleierstudent, vernepleierstudent, helsefagarbeider, hjelpepleier, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 371964751
- Sist endret