Miljøarbeidar
Vestland fylkeskommune
- Frist 20.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidar
Vi ser etter deg som brenner for å skape gode dagar for ungdommane våre på Sotra vidaregåande skule.
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialising. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 700 elevar og 140 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter miljøarbeidar i 83% fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar som fremmer meistring, tryggheit og trivsel
- Rettleiing og støtte til ungdommar i deira kvardag
- Miljøarbeid i klasserom, på verkstad og i fellesareala på skulen
- Tett oppfølging av elevar i samarbeid med føresette, lærer og andre støttefunksjonar
- Skapa og utvikla opplæringa i samarbeide med elevar, lærar og skuleleiinga
- Leggja til rette for overgang frå skule til arbeid
- Arbeid systematisk for at elevane skal læra, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistra livet som sjølvstendige vaksne
Kvalifikasjonar
- Til dømes fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Annan relevant utdanning og erfaring er aktuelt
- Kjennskap til byggebransjen kan være eit fortrinn
- Har erfaring frå arbeid med tilrettelagd opplæring og/eller arbeid med ungdom
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom
- Du har stort engasjement for arbeid med alle typar ungdom
- Evner å forstå ungdommar og er bevisst over korleis eigen åtferd påverkar andre
- Er fleksibel, løysingsorientert og evner å handtere utfordrande situasjonar sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling
- Du er fleksibel og ser moglegheiter
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar
- Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
- Trimgrupper for tilsette
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Skoleassistent, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøarbeidar, Miljøarbeider, Skole, Elevkontakt, Ungdomsarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 373711198
- Sist endret