Faste helgestilingar i heimetenesta i Alver Kommune
Alver kommune
- Frist 21.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye pleieassistent? Vi søkjer etter deg som har engasjement for eldreomsorg.
Alver Kommune søkjer etter pleieassistentar i heimetenesta til faste helgestillingar. Me ser etter deg som er inspirerande og engasjert i faget. Om du har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller er under utdanning innan helse -og omsorgsfaget er dette kanskje ein spanande jobb for deg? Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Me ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert.
Aktuelle avdelingar
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder :
- Knarvik Nord/Aust- avdelingsleiar Vanja Køhne
- Knarvik Sør/Vest- avdelingsleiar Sølvi Ulvund
- Alversund/Seim- avdelingsleiar Vibeke Løtvedt
- Manger- konstituert avdelingsleiar Tanita Marøy
- Ostereidet- avdelingsleiar Katrine Kleppe
- Frekhaug- avdelingsleiar Roy Sørensen
- Lindås- konstituert avdelingsleiar Aina Sætre George
- På Manger og Ostereidet har me også heildøgns omsorgsbustadar.
Arbeidsoppgåver
Som assistent i heimetenesta på kveld/helg skal du hjelpe brukarar med personleg hygiene, på og avkledning, måltider og anna praktisk bistand. Du skal samarbeide tett med gode kollegaer og bli kjent med brukarar med ulike og varierte hjelpebehov. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Du vil få god opplæring.
Kvalifikasjonskrav
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande avtale
- Studentløn for sjukepleiar -/vernepleiarstudentar
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger og Ostereidet driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Alver Kommune, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
helse, pleieassistent, heimeteneste, helgestilling, student
Annonseinformasjon
- FINN-kode 376823778
- Sist endret