Saksbehandler
Ulvik herad
- Frist 17.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Ledig 80% fast stilling – sosialt arbeid i Ulvik herad
Stilling som sakshandsamar/rettleiar
Ulvik herad søkjer etter ein motivert person som kan bidra til at Ulvik har gode sosialtenester og tenester for flyktningar. Stillinga er om lag 50% arbeid med dei kommunale NAV-oppgåvene, og 30% arbeid knytt til flyktningar. Du vil være samlokalisert med statleg NAV-tilsett som har kontorplass i Ulvik, og du vil jobbe tett med andre fagområder i kommunen. Du blir del av eit fagleg og sosialt felleskap knytt opp til statlege NAV-tenester i regionen Hardanger og Voss, rus og psykisk helse, legekontor, flyktningtenestene, og Spira: barne og familieeininga.
Oppgåver
Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter sosialtenestelova og dei øvrige kommunale tenestene i NAV, og oppgåver som høyrer naturleg saman med dette. Individuell oppfølging og rettleiing av flyktningar, særleg knytt til NAV-sine tenester.
Oppgåver inkluderer sakshandsaming, vedtak og oppfylgjing av brukarar inkludert klagesaker. Du vil få opplæring og ansvar for oppfølging av bustøtteordninga, og oppfølging av ordning for økonomisk råd og rettleiing som heradet har eit eksternt samarbeid om.
Ynskja kvalifikasjonar
- Relevant sosialfagleg 3-årig høgare utdanning, helst sosionomutdanning
- Erfaring frå NAV og sosialt arbeid
- God IT-kompetanse
- Erfaring med fagsystemet Socio er ein fordel
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og høg motivasjon. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Me er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein kanskje ikkje får i større kommunar – du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere betre tenester. Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
- Kontorplass på sentrumsbygget i Ulvik sentrum
- Mobiltelefon og PC
- Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer
Oppstart: Snarast
Om arbeidsgiveren
Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på heimesida til heradet og hardangerfjord.com
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5730 Ulvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Sosionom
Nøkkelord
Saksbehandler, nav (arbeids- og velferdsforvaltning), sosialt arbeid, flyktningarbeid, veiledning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 377293496
- Sist endret