Mentorkoordinator
Universitetet i Bergen
- Frist 27.11.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Ønsker du deltidsjobb som mentorkoordinator?
Om mentorordninga ved Det humanistiske fakultet
Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer etter ein koordinator for mentorordninga i studieåret 2025-2026.
Mentorordninga ved UiB skal bidra til fagleg og sosial integrering av førsteårsstudentar. Ordninga er for studentar i sitt første studieår, frå og med studiestart. Mentorordninga ved Det humanistiske fakultet (HF) strekk seg gjennom heile det første studieåret, og skal gi studentane eit trygt og godt grunnlag for resten av studietida. Mentorkoordinatoren ved fakultetet hjelper administrasjonen og studentmentorane med planlegging og gjennomføring av ordninga.
Om stillinga:
Mentorkoordinatoren sine hovudoppgåver er å vere bindeleddet mellom mentorane og administrasjonen, og bidra i studiestartsnettverket på fakultetet. I tillegg skal mentorkoordinatoren vere med på å utvikla innhaldet i ordninga og organisere aktivitetar.
Tilsettinga gjeld frå 6.januar 2025 til 31.desember 2026 med moglegheit for forlenging.
Arbeidstida er i gjennomsnitt ca. 10 timar per veke, men dette vil variere noko gjennom semesteret. I forkant av og rundt semesterstart må ein rekne med eit høgare timetal per veke og tilsvarande mindre i andre periodar. Totalt svarar arbeidsforholdet til ei 30 % stilling. Arbeidstida er fleksibel og blir justert for å unngå eventuelle kollisjonar med undervisning. Du vil få ein attest frå Det humanistiske fakultet etter arbeidsforholdet.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Støtte arbeidsleiar med oppgåver knytt til drift av mentorordninga ved HF.
- Ta del i planlegginga og gjennomføringa av studentmottaket ved HF.
- Ta del i opplæringa av nye studentmentorar.
- Bidra til planlegging og koordinering av mentorsamlingar.
- Planlegge og gjennomføre evaluering av ordninga saman med fakultetsadministrasjonen .
- Representere HF på møte i det sentrale mentornettverket på UiB.
- Fungere som eit bindeledd mellom studentmentorane og studieseksjonen. Dette inneber å skape gode relasjonar og trygge rammer for studentmentorane.
- Vere tilgjengeleg for spørsmål frå studentmentorane.
Du vil jobbe i team saman med studieseksjonen på HF.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Du er komfortabel med å snakke framfor store grupper.
- Du er omgjengeleg, empatisk og kan improvisere.
- Du kan arbeide sjølvstendig, men kan òg jobbe i team.
- Du er strukturert og god til å planlegge.
- Du er motivert for å jobbe med nye studentar og for å utvikle eit betre læringsmiljø på HF.
- Du er vant til å sjekke e-post ofte og svare raskt på førespurnader.
- Tidlegare erfaring som mentor er ein føremon.
- Kjennskap til Det humanistiske fakultet er ein føremon.
- Det teller positivt viss du har erfaring frå andre studierelaterte aktivitetar som f.eks. medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske foreiningar, organisasjonar og utval, eller at du har vore tilsett som kollokvieleiar eller liknande.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal leverast elektronisk via Jobbnorge ved å trykkje "SØK STILLINGA". Søknaden må seie noko om din motivasjon for stillinga og ditt ønske om å utføre arbeidsoppgåvene. Dersom du er student bør søknaden inkludere:
- Studentnummer
- Studieprogrammet du går på
- Kor langt du har kome i studieløpet
I Jobbnorge skal du også legge ved attestert karakterutskrift frå vitnemålsportalen og eventuelle attestar.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her. (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen)
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Løn tilsvarande lønnstrinn 42-51 (kode 1065, konsulent) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr. 448 900-509.300 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA verksemd).
- Gode velferdsordningar. (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd-og-leie-av-lokaler)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Ayla Tessem på e-post ayla.tessem@uib.no eller telefon 55582314. Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til Turid Høyland på e-post turid.hoyland@uib.no eller på telefon 55589334.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontorarbeid, Koordinering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379064178
- Sist endret