Skrivar (dagleg leiar)
Norsk Målungdom
- Frist 9.12.2024
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 374 000 krStatens lønstrinn 25
Norsk Målungdom søkjer skrivar/dagleg leiar
Norsk Målundom søkjer ein skrivar (dagleg leiar) i 100 % stilling
Det er tre tilsette på skrivarstova i Norsk Målungdom: leiar, skrivar og kontormedarbeidar.
Om Norsk Målungdom
Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekta si og å skrive nynorsk. Som skrivar er du ansvarleg for det administrative arbeidet som krevst for å drive organisasjonen. Vi er om lag 1200 medlemer fordelt på lokallag over heile landet.
Kvifor jobbe i Norsk Målungdom?
Norsk Målungdom er meir enn berre ein arbeidsplass; det er eit engasjert og inkluderande fellesskap der du kan gjere ein forskjell for språkmangfald og kultur i Noreg. Som skrivar vil du få sjansen til å jobbe saman med ei dedikert og entusiastisk gruppe menneske som brenn for saka. Å jobbe i Norsk Målungdom gjev deg høve til å utvikle deg både fagleg og personleg, og du vil kunne bidra med dine eigne idear og initiativ i ein engasjert ungdomsorganisasjon.
Hovudoppgåver
Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga. Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre, nettbutikken vår, og du vil vere arbeidsgjevar for ein kontormedarbeidar som skal vere med å avlaste deg i det daglege arbeidet. Du vil i hovudsak arbeide tett med dei andre tilsette på kontoret i Oslo. Arbeidsspråket er nynorsk. Kjennskap til rekneskapsarbeid, er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising.
Vi søkjer deg som:
- har røynsle med administrativt organisasjonsarbeid
- jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
- samarbeider godt, er ein god lagspelar og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- er kreativ og ikkje redd for å dele idear
- høg arbeidskapasitet
Vi kan tilby:
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- fleksibel arbeidstid og ein kontorplass i Oslo sentrum
- opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
- verdas beste sak!
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader. Stillinga er 100 prosent, og vi følgjer statens lønstrinn 25, p.t. brutto 31 166 kr i månaden. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV. Søknadsfristen er 9. desember. Ønskt arbeidsstart er i januar 2025.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Dronningens gate 22, 0154 Oslo
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Ideelle organisasjoner, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
nynorsk, leiarerfaring, organisasjon, interessepolitikk, frivillig
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379319676
- Sist endret