Kokk 40 %
Arna seniorsenter
- Frist 24.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera med å bidra til ei god matoppleving for gjestene våre?
Arna seniorsenter held til i Arna kyrkjelydshus og er ope tysdagar og torsdagar i skuleåret. Me lagar mat for servering og utkjøring begge desse dagane, og ønskjer å tilby god og heimelaga tradisjonsmat.
Me søkjer ein engasjert kokk som vil vera med å gjera Arna Seniorsenter til ein triveleg stad for gjestene våre!
ARBEIDSOPPGÅVER:
Matlaging
Utvikla menyar og mattilbod til gjestene våre
Utføra reinhald og rutiner som sikrar trygg mat. Bidra med IK-kompetanse.
Varebestilling, varemottak
Kontakt med gjestene
KVALIFIKASJONAR:
Kokk, gjerne fagbrev som institusjonskokk
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Må beherska norsk godt
EIGENSKAPAR:
Løysingsorientert og fleksibel
Gode samarbeidsevner
Nøyaktig og ansvarsbevisst
Bidra til eit godt arbeidsmiljø for tilsette og frivillige
ME TILBYR:
Dagjobb tysdagar og torsdagar i skuleåret.
Gode og ordna arbeidsforhold. Tariffløn.
Om arbeidsgiveren
Arna seniorsenter er eit samarbeidstiltak mellom Kvinne- og familielaga i Arna, Arna og Åsane Røde kors og Arna sokneråd, og vert støtta økonomisk av Bergen kommune. Det er 3 tilsette: Dagleg leiar, kokk og kjøkenassistent, alle i 40% stilling. Dessutan er det fleire engasjerte frivillige medarbeidarar.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Lakslia 21, 5260 Indre Arna
- Bransje: Helse og omsorg, Ideelle organisasjoner, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lage mat, kjøkkenhygiene, kokkfag (amo)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 379495104
- Sist endret