Kokk
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
- Frist 16.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Fast stilling som kokk - 100 %
Ansvars- og arbeidsområde
- Kokkane våre er teamleiarar, og har ansvar for drift av kjøkkenet på sine skift.
- Kokkane inngår i ein turnusplan med arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar så vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
Arbeidsoppgåver
- Internkontroll (IK mat)
- God varehandtering
- Produksjon av varmmat, kaldmat og salatbar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring frå liknande stillingar
- Kunnskap og interesse for internasjonal mat og vegetarmat
- Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
- Vi brukar norsk som arbeidsspråk på kjøkkenet
Personlege eigenskapar
- Interesse for mat
- Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
- Ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i Team
- Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon
Kva kan vi tilby?
- Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
- Løn etter KS tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
- Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
Søknadsfrist er 16.12.2024, med tilsetjing frå 01.03.2025.
Dersom du har spørsmål til stillinga kan du kontakte Operational Service Manager Ainor Naustdal på tlf.: 917 09 715 eller på e-post: ainor.naustdal@uwcrcn.no.
Ein må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.
Om arbeidsgiveren
UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram - International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995 og er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa, og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har omlag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.
- Sektor: Privat
- Sted: Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kantine, servitør, kjøkken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382197756
- Sist endret