Pedagogisk medarbeidar
Osterøy kommune
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Pedagogisk medarbeidar - vikariat 80%
Om stillinga
Kjære deg som arbeidar med barn og unge. Din jobb er viktig! Vil du halde fram med ditt viktige arbeid i Osterøy kommune?
På Fotlandsvåg skule har vi ledig eit vikariat i 80% stilling frå 01.01.25 til 31.07.25. Vi er på utkikk etter ein kompetent og engasjert medarbeidar, som ikkje minst kan vere ei trygg hamn for dei flotte barna som går på skulen vår!
Fotlandsvåg skule ligg midt i vakre Fotlandsvåg som er nordvest på Osterøy. Skulen ligg omtrent vegg i vegg med barnehagen som skapar eit trygt, stabilt og ikkje minst kjent miljø for elevane våre. Skulen er ein 1-7. skule med om lag 50 elevar, og skulen vår er fådelt.
Vi har eit skikkelig flott uteområde med kunsgrasbane og mellom anna ei heilt ny friidrettsbane!
I lag med oss vil du bli ein del av et team med andre pedagogiske medarbeidarar og lærarar. Vi har og ein rektor som er kjapp på labben når vi treng bistand eller berre ein samtalepartnar.
Om du er engasjert, nysgjerrig, ansvarsbevisst og leiken, er det kanskje nettopp deg vi håpar å kunne ønskje velkomen til Fotlandsvåg skule!
Her på Fotlandsvåg skule vil du garantert få varierte og kjekke dagar på jobb der elevane i bygda vår står i fokus. Vi er opptatt av gode relasjonar med dei føresette og vi speler kvarandre gode!
Sjølve jobben er viktig, men for at du gjer ein god jobb må du og trivast! Hos oss i Fotlandsvåg får du i tillegg naturen som næraste nabo og parkering er aldri noko problem for deg som kjem med bil. Vi har flotte turområde og skulen vår er heilt sentral i bygda vår.
Vi håpar nettopp du vil bli betre kjent med oss! Ta ein telefon, send ein søknad eller gje lyd frå deg. Vi vil vite om deg og kva som gjer at du kunne tenkje deg å bli ein del av Fotlandsvåg skule!
Kven er du?
Som person bør du trivast i lag med barn og unge. Din beste kvalifikasjon er ditt engasjement for at elevane og dei tilsette skal trivast - og lukkast! Og vi skal sjølvsagt sørge for at du gjer det same.
Har du gode samarbeidsevne og god relasjonskunnskap er vi sikre på at vi vil få til mykje godt samarbeid ilag!
Har du fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er det heilt topp, men andre fagbrev i helse og omsorgsfag er også av høg interesse for oss! Du kan vere utdanna omsorgsarbeidar, barnepleiar, helsefagarbeidar eller noko heilt anna!
Skulegang og formell kompetanse er bra, men erfaring er nesten endå betre! Har du ikkje formell utdanning som skildra ovanfor vil vi likevel at du skal ta kontakt med oss, for vi er veldig interesserte i å høyre om den erfaringa du har med deg i din ryggsekk!
Vi tilbyr
- Ei spennande og givande stilling i både skule og skulefritidsordning.
- Du får arbeide saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil ditt beste!
- Du får arbeidsplassen din på ein mindre skule som gjer moglegheiter for god og tett oppfølging av den einskilde elev og eit unikt samarbeid med kollegagruppa.
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP.
- Gode parkeringsmoglegheiter dersom du kjem med bil.
- Ein arbeidsplass med naturen rett utanfor døra i ei levande bygd!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Osterøyvegen 2689, 5283 Fotlandsvåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Skoleassistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383210829
- Sist endret