Sjukepleiar/vernepleiar 80% fast still p å natt med arbeid 4.kvar helg
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Lokal sikkerheitsavdeling leitar etter sjukepleiar/vernepleiar til fast 80% nattevaktstilling, arbeid 4. kvar helg
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Lokal sikkerheitspost har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar på natt med jobb kvar 4. helg, langvakter. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa, oppfordrast menn til å søke.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling og rehabilitering
- Du deltar i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykolog, psykiater, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar og ergoterapeut
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
- Det er ønskeleg med erfaring frå sikkerheitspsykiatri, psykisk helsevern og/eller rusomsorg
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- 15 000 kroner pr år i særtillegg
- Du vil få grundig opplæring
- Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
- Du får 2- dagers kurs i møte med aggresjon (MAP) med moglegheit for trening kvar veke
- Opplæring i risikovurdering og risikovurderingsinstrumentet HCR-20
- Dette er ein stilling som gir både fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Treningsrom for tilsette
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
På grunn av personalgruppens sammensetning oppfordrast menn til å søke
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykiatri, Sikkerhet, Miljøterapi, sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383642034
- Sist endret