Helgestilling - Sjukepleiar/Vernepleiar/sosionom
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Helgestillingar Dr. Martens- sjukepleiar/vernepleiar/sosionom
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gjev tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR Dr. Martens har to poster; ein tvangspost og ein stabiliseringspost.
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.
Det er ledig fleire 18% helgestillingar og ein 22% helgestilling ved Tvangsposten med arbeid kvar 3 helg (dag/ettermiddagsvakter). Det er arbeid fredag, laurdag og sundag, og laurdag - sundag, annankvar arbeidshelg.
Avrusing/korttidspost: Sengeposten har 10 sengeplassar, gir tilbod om avrusing og korttidsopphald. Opphaldet består av mellom anna individuell oppfølging, undervisning og gruppesamtalar, samt fokus på fysisk aktivitet.
Det er også fleire ledige helgestillingar 18% ved Korttidsposten med arbeid kvar 5 helg (fredag, laurdag og sundag) med langvakter laurdag og sundag.
NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling ein søker på.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i helg vil naturleg vere mest fokus på å vidareføre planlagde aktivitetar og gjeremål saman med pasienten, samt miljøterapeutisk arbeid på posten
- Sjukepleiar/vernepleiar/sosionom arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging og utdeling av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane
- Samarbeide med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk, er ein fordel
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Bachelor i sjukepleiar, vernepleiar eller sosialt arbeid
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og samhandlar godt med andre
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Regelmessig internundervising
- Årsturnus/kalenderplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 9
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helgestilling i AFR, Martens, Sykepleier, Vernepleier, Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384742326
- Sist endret