Ringevikarer søkes i døgnturnus og langvakter, til MMNF (mennesker med nedsatt funksjonsevne)
Øygarden kommune
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ringevikarer søkes i døgnturnus og langvakter, til MMNF (mennesker med nedsatt funksjonsevne)
Vi søkjer etter vikarar i døgn og langvakter i bustader til menneske med nedsett funksjonsevne. (MMNF)
Bustadane ligg på Rong, og gjer døgnkontinuerlege tenester til personar med autisme og psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Vi søkjer fleire engasjerte medarbeidarar.
Vi ønskjer deg som ser verdien av gode relasjonar, ein strukturert kvardag og liker å jobbe i team for å gjere kvarandre betre!
Vi har som mål å yte gode faglege forsvarlege tenester som inneber stabilitet, kontinuitet og tryggleik for bebuar, med god livskvalitet og autonomi innanfor definerte rammar og klare grenser.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til å skape meiningsfylte og innhaldsrike dagar for bebuarane
- Legge til rette for bebuarane i daglege gjeremål og aktivitetar
- Arbeide for å forebygge, følgje opp tiltak og handtere utfordrande åferd og krevjande situasjonar
- Kunne følge opp mål og tiltak samt dokumentere tenesteutøving
- Gjennomføre vedtak etter lov om helse og omsorgstenestelova kap 9
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar:
- Ønskeleg med relevant arbeidserfaring med målgruppa.
- Ønskeleg med erfaring i arbeide med åtferd som utfordrar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Ønskeleg med førarkort kl. B
Andre krav:
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med tilsvarande brukargruppe vil vektleggjast.
Vi søkjer deg som:
- Meistrar å stå i krevjande situasjonar over tid
- Det er naudsynt med god fysisk helse då arbeidet kan vere er fysisk krevjande
- Gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø og fokus på å gjere kvarandre gode
- Følger regler og rutinar, jobbe strukturert og er ansvarsbevisst
- Du liker å jobbe i team og deler gjerne av din kunnskap slik at vi saman blir betre
Personlege eigenskapar blir vektlagt høgt.
Vi tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer spennande og faglege utfordringar
- Opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering
- Lønetter gjeldande avtaleverk
Søknadsfrist snarast
Kontaktperson:
Assisterande einingsleiar: Elin Alfstad, mobil: 477 97 112
Avdelingsleiar: May Liss Snekkevik, mobil: 913 66 570
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Helsepersonell
Nøkkelord
assistenter, helsefagarbeider, helse, omsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384743238
- Sist endret