Ledig fast 11% stilling
Bjørnafjorden kommune Kultureininga
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Støttekontakttenesta søkjar gruppeansvarleg
Gruppeansvarleg skal organisera fritidstilbod, der fokuset skal vera på det sosiale. Gruppeansvarleg skal vera med på å leggja til rette for gode relasjonar i gruppa som kan vera frå 3-6 personar, og skal hjelpa den einskilde til å få ei aktiv og meiningsfull fritid. Gjennom samvær og aktivitet skal gruppeansvarleg bidra til å auka tenestemottakarane sine evner til å utfalda seg, meistra ulike sosiale situasjonar, auka trua på seg sjølv og bli kjent med nye menneske og miljø.
Det meste av dette arbeidet vil skje på ettermiddag/kveld på vekedagar, men kan også vera i helg.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune, for tida ved kultureininga.
Arbeidsoppgåver
- Gruppeansvarleg skal henta og levera medlemmer i gruppa dersom det er naudsynt.
- Gruppeansvarleg skal motivera til sosial og fysisk aktivitet, leggja til rette for og stimulera den einskilde til å skapa nye relasjonar.
Kvalifikasjonar
- Det er ingen krav til fagbakgrunn, men erfaring frå relasjonsskapande arbeid er ein fordel.
- Du må kunne disponere eigen bil
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at du er:
- Sjølvstendig og strukturert
- Løysingsorientert og fleksibel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Motivert og engasjert medarbeidar
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom reserveringa ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Kunst og kultur, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
gruppeansvarleg, støttekontakt, kultur, fritidstilbod
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385491450
- Sist endret