Formidlingskonsulent 60%
NORSK FORFATTERSENTRUM VESTLANDET
- Frist 3.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Norsk Forfattersentrum Vestlandet søker medarbeider
Norsk Forfattersentrum søkjer etter ein praktisk anlagt medarbeidar til kontoret vårt på Vestlandet. Stillinga har varierte arbeidsoppgåver som informasjonsarbeid og marknadsføring, forfallande kontorarbeid, nettverksbygging og medlemspleie. Vi ynskjer oss ein samarbeidsvillig og fleksibel kollega.
Hovudoppgåver:
Formidlingsarbeid og informasjonsarbeid
• Formidle sakprosa og barne- og ungdomslitteratur.
• Koordinere informasjon til forfattarar og oppdragsgivarar.
• Knyte tettare kontakt med arrangørar i Rogaland.
• Innhaldsproduksjon: skrive og dele aktuelle saker til medlemmar, presse og sosiale medium
Litterære arrangement og medlemsaktivitetar
• Utforme søknader om støtte. Programmere, planleggje, marknadsføre og gjennomføre prosjekt for ulike aldersgrupper og målgrupper.
• Utvikle lokale samarbeid i landsdelen.
• Planleggje og gjennomføre kurs og møte for medlemmar.
Om arbeidsgiveren
Norsk Forfattersentrum har ca 2000 medlemmar som skriv skjønnlitteratur og sakprosa for barn, ungdom og vaksne. Gjennom Norsk Forfattersentrum tilbyr forfattarar foredrag, samtaler, skrivekurs, opplesingar, skulebesøk, digitale oppdrag og mykje meir. Oppdragsgivarar er gjerne næringslivet, bibliotek, skular, offentlege institusjonar, litteraturhus, festivalar og organisasjonar.
Vestlandskontoret har spesielt ansvar for dei 273 medlemsforfattarane som bur i Vestland og Rogaland. Kontoret er mellom anna arrangør av Dei litterære festspela og Litterært springbrett.
Det overordna målet vårt er å skaffe oppdrag til medlemmane. Vi formidlar òg informasjon om honorarsatsar, rettar og forfattarøkonomi. Formidlingskonsulenten skal halde nær kontakt med viktige oppdragsgivarar som Den kulturelle skolesekken, fylkeskommunane, skuleverk, bibliotek, festivalar og andre arrangørar. Det er derfor nyttig om du allereie har eit solid nettverk og kjenner det offentlege i landsdelen.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Annet, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
formidling, informasjon, prosjekt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385522203
- Sist endret