Sjukepleiar 80 % fast
Øygarden kommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sundheimen somatisk avdeling
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på somatisk avdeling ?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 10 pasientar. Fire av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Her kan ein forvente ein utviding av tal på plassar. Sundheimen og omsorgsbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Som sjukepleiar hjå oss får du høve til å vere med på å påverke din eigen arbeidskvardag, du får jobbe tverrfagleg i eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.. Vi har serviceassistentar på avdelingskjøkken 3-4 dagar i veka. Arbeidsmiljøet vårt på natt er vi er stolt av, og du vil bli tatt godt imot.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Lettare Laboratorie-arbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
Eigenskapar:
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år over gjeldande tariff i 100 % . I tillegg kjem 40.000.- for nattarbeid
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
- Vernepleiar kan bli vurdert for stilling
Vi tilbyr:
- Mentorordning satt i system
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Gratis parkering og det er mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Sykepleier, sjukepleiar, vernepleier, vernepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385733074
- Sist endret