BPA søkes hos hyggelig dame i Gloppen
Aberia Omsorg AS
- Frist 10.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Fast stilling som BPA søkes hos dame i Gloppen!
BPA-assistent søkes!
Eg er ei sosial og kreativ kvinne med multippel sklerose (MS) som søkjer ein engasjert og fleksibel assistent. Eg sit i rullestol, men eg klarar mykje sjølv med riktig tilretteleggjing.
Kvardagen min pregast av eit aktivt liv med interesse for kunst, lett handverk, musikk, plantar og hagearbeid. Eg ynskjer hjelp til praktiske gjeremål, noko personleg assistanse, og tilretteleggjing som gjer det mogleg for meg å leve eit sjølvstendig og meiningsfylt liv.
Arbeidsoppgåver kan inkludere:
• Assistanse i heimen og ved aktivitetar.
• Følgje til og frå fysioterapeut.
• Praktiske oppgåver som handling, matlaging og lett husarbeid.
• Tilretteleggjing for kunstprosjekter og hagearbeid.
• Noko personleg assistanse ved behov.
Kven er du?
• Du er positiv, påliteleg og sjølvstendig.
• Du har interesse for, eller openheit for, kunst og kreative aktivitetar.
• Du er fleksibel og har evne til å tilpasse deg ulike situasjonar.
• Førarkort klasse B er eit krav.
Arbeidstid:
Det er behov for både dag-, kveld- og helgevakter og kvilande nattevakter. Arbeidstida kan avtalast nærmare.
Kvar:
Jobben er basert i Kandalen per dags dato, men vil vere på Sandane iløpet av våren.
Dersom dette høyres interessant ut for deg, send gjerne ein kort søknad med litt informasjon om deg sjølv og kvifor du ynskjer denne jobben. Eg ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Aberia leverer en rekke velferdstjenester på vegne av offentlig sektor i Norge og Sverige. Vår visjon er «verdighet for den enkelte», og vi tilbyr tilpasset bistand til enkeltpersoner og familier. Mange av de som tar imot våre tjenester, er barn og unge. I Norge er Aberia til stede over hele landet fra nord til sør, med blant annet omsorgs- og avlastningstjenester, barnevern, familiehjem og BPA. Vi er til sammen cirka 2000 ansatte som skaper verdier og leverer høy kvalitet i møte med andre mennesker.
Se Aberia.no for mer informasjon.
Se og følg oss på Facebook
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Sandane, 6822 Sandane
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trening, bpa, renhold, hage, assistent
Fast stilling som BPA søkes hos dame i Gloppen! (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 387900512
- Sist endret