Butikkmedarbeider
Extra Kaupanger
- Frist 14.02.2025
- Ansettelsesform Fast
EXTRA KAUPANGER søkjer butikkmedarbeider
Vi har 2 ledige stillingar med ein stillingsgrad på 20% og 40 %, og søkjer engasjerte og blide medarbeidarar. Stillingane ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.
Butikken har ein del planlagt fråvær utover våren 2025, og treng difor tilsette som har høve til å jobbe meir enn fast stillingsprosent.
Me tilset fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Jorunn Kristin Brekke.
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 31.01.2025
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 6854 Kaupanger
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389210918
- Sist endret