Ferievikar ved psykisk helse og rusarbeid
Time kommune
- Frist 03.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikar ved psykisk helse og rusarbeid
Sommarvikar – Psykisk helse og rusarbeid
Vi søker engasjerte sommarvikarar til vårt team i verksemda psykisk helse og rusarbeid. Vi har fem ulike avdelingar, og vi ser etter deg som ønsker å bidra i eit meningsfylt arbeid. Du må spesifisere hvilken avdeling du er interessert i å jobbe ved, samt kva for veker du er tilgjengelig.
Ledige stillingar ved følgjande avdelingar:
Kolheia Bufellesskap
Kolheia er eit bufellesskap for menneske med psykisk helseutfordringar. I tillegg til bebuarar i bufellesskapet, tilbyr vi også ambulerande tenester til heimebuande personar med psykisk og fysisk funksjonssvikt. Vi har turnus med både dag- og kveldsarbeid, langvakter.
Krav: Førerkort klasse B, manuell gir.
Kontakt:
Avdelingsleiar Astri Rosland
Tlf: 959 15 934
Svertingstad Bufellesskap
Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk og rusliding. Vi har turnus med både dag/kveld og nattarbeid, så merk gjerne om du er interessert i dag/kveld og/eller natt, langvakter.
Kontakt:
Avdelingsleiar Astri Rosland
Tlf: 959 15 934
Rørvika Omsorgsbustadar
Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognitiv svikt. Vi har turnusarbeid, og vi ønsker at du spesifiserer om du ønsker å jobbe dag/kveld og/eller natt. Mugligheit for å jobbe noe langvakter
Kontakt:
Avdelingsleiar Bjørg Bø Mc Dowell
Tlf: 958 18 646
Svendsenhuset
Svendsenhuset er eit dag- og aktivitetssenter for personar over 18 år, med fokus på å gje dei ein innhaldsrik kvardag gjennom ulike aktivitetar.
Kontakt:
Avdelingsleiar Cathrine Kleppe
Tlf: 473 88 387
Meistringssenteret
Meistringssenteret gir hjelp og oppfølging til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus.
Krav: Førerkort klasse B, manuell gir.
Kontakt:
Avdelingsleiar Cathrine Kleppe
Tlf: 473 88 387
Søknad:
Vennligst spesifiser i søknaden kva for ei avdeling du ønsker å arbeide i, og kva for veker du er tilgjengelig for sommarvikariat. Dei som kan arbeida veke 26- 33 vil bli prioritert.
Vi tar fortløpande kontakt med søkarar.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Som ferievikar skal du vera med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei rettningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.Kvalifikasjonar
Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel:
- offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar
- helsefagarbeidar og hjelpepleiar
- sjukepleie- og vernepleiestudentar
- elevar med helsefagleg bakgrunn
- assistentar
Erfaring fra arbeid innan helse og omsorg er ein fordel, men opplæring vert gjeve.
- det er ønskeleg at du har førerkort klasse B, manuell gir
- dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentra at du har tilsvarende B2 nivå
- krav om politiattest
- du forpliktar deg til arbeida i heile perioden du oppgjev.
Personlege eigenskapar
- du må kunna arbeida sjølvstendig, har gode relasjonelle ferdigheiter og er ansvarsbevisst.
- det er ein fordel at du har erfaring med utfordrande åtferd
- du er fleksibel, då arbeidet stadig er i endring og du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap.
- du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Me tilbyr
Me tilbyr stilling etter avtale.
Studentavlønning for studentar innan sjuke-/og vernepleie, barnevernspedagog, sosionom, medisin samt fysioterapi og ergoterapi.
Kanidatar vert vurderte fortløpande.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 3a, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ferievikarar, studenter, rusarbeid, psykisk helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389998071
- Sist endret