Ferievikar miljøtenesta 2025
Time kommune
- Frist 18.05.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikar miljøtenesta 2025
Sommaren nærmar seg å våre gode tilsette skal ta ut ferie.
Også dette året treng me vikarar som ikkje bare vil sjå på serie.
Hvis du penger i boka vil ha, hos oss ein jobb du kan ta.
Ønsker du deg nye utfordringar, erfaringar og lærdom?
Ver med på laget vårt, ja kom, kom, kom!
I miljøtenesta er me ein god gjeng,
med humor, humør og latter i fleng.
I miljøtenesta ønsker me oss engasjerte og nysgjerrige ferievikarer med på laget.
Miljøtenesta som trenger ferievikarer i sommer er BPA, nyoppstarta Nubben burettslag, Vardheia/Holmebakken og Foren burettslag. Miljøtjenesta gir tjenester til bebuarar med ulike psykiske og/eller fysiske funksjonsnedsettingar. I alle avdelingane arbeidar me dag, kveld og natt og langvakter.
Ber om at du skriv kva for ein stad du helst ønsker å arbeide, og tidrommet du kan jobba.
Arbeidsoppgåver
Hos oss er ingen dagar like, og me tar utfordringar på strak arm. Som ferievikar får du god opplæring til å kunna gi nødvendig helsehjelp og følgja gjeldande rutinar, og det viktigste av alt - vera med på å gjera dagen best mogleg for tenestemottaker.Kvalifikasjonar
Først og fremst personar med genuin interesse for å jobba med menneske med ulike hjelpebehov og diagnosar.Om du er sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student eller assistent så treng me deg på laget.
Erfaring frå arbeid innan helse- og omsorg er ein fordel, men opplæring vert gitt dersom du ikkje har erfaring.
Det er ønskeleg at du har førerkort kl. B.
Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har tilsvarande B2 nivå.
Det er krav om godkjent politiattest
Du forpliktar deg til å arbeida i heile perioden du oppgjev
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 30
- Sted: Arne Garborgs veg, 4349 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ferievikar, miljøtenesta
Annonseinformasjon
- FINN-kode 389999475
- Sist endret