40% vikariat som aktivitør/sjåfør
Austevoll kommune
- Frist 17.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
40% vikariat som aktivitør/sjåfør
Om arbeidsstaden
Austevoll pleie og omsorgssenter ligg sentralt til på Storebø i Austevoll kommune.
Om stillinga
Tiltredelse snarast. Vikariatet varer fram til 31. desember 2025, med mogelegheit for forlenging.
Arbeidstida er i utgangspunktet kvar Måndag og Fredag kl. 08:00 til 16:00. Arbeidstida kan diskuterast.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil være å køyre brukarar tur/retur mellom heimen og dagsenteret. I tillegg får ein være med på aktivitetar, turar og andre oppgåver med dagpasientane.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- Må beherske norsk munnleg.
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og trivast med å jobbe saman med andre.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Sambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 390959467
- Sist endret