Sjåførar vikariat- heiltid og deltid
Øygarden kommune
- Frist 17.02.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Transport
Transporttenesta i Øygarden Kommune utfører køyreoppdrag i heile kommunen. Vi køyrer brukare til og frå ulike dagtilbod innanfor tidsrommet 06.00-17.00 måndag til og med fredag. Bussane har 16 + 1 seter med heis for rullestolbrukarar.
Arbeidsoppgåver:
- Medverka til planlegging av køyreruter
- Køyre brukare til og frå ulike dagtilbod
- Klargjering av bussar
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Førarkort klasse D1 (minibuss)
- YSK- persontransport
- Køyreseddel for persontransport
- Sjåførkort for fartsskriver
- Beherska norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Imøtekomande og vennleg
- Tolmodig og ansvarsbevisst
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel og trivs i eit hektisk miljø
Anna:
- Vi oppmodar til å søkja sjølv om YSK og køyreseddel har gått ut
- Det blir gitt full opplæring på alle køyreruter
- Vi oppfordrar deg som vil være ringjevikar til å søkje.
- Vikariatet varer i 6 mnd.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
Kontakt:
Merete-Helen Folkestad
Transportkoordinator/ Bilansvarlig
Eigedom,drift og vedlikehald
Mobil: 90068116
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Eiendom, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
Nøkkelord
Bussjåfør, transport, yrkestransport
Annonseinformasjon
- FINN-kode 391929634
- Sist endret