Gardsmedarbeidar sesong De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Gardsmedarbeidar sesong
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Vestreim i Sogndal kommune.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har fått relevant arbeidserfaring, du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av landets eldste og største friluftsmuseum. Dei kulturhistoriske bygningane ligg i eit flott natur- og kulturlandskap med slåttemarker, åkrar og beiteområde.
I sommarsesongen er det høg aktivitet på museumsgarden, og husdyr som kyr, sau, gris og høner skapar liv og gjer museet til ein attraktiv besøksstad for store og små. I hovudbygningen finn du utstillingar, så vel som kafe og museumsbutikk.
Gardsmedarbeidar
Sommarsesongen på museumsgarden er normalt ei travel tid, med mange besøkande som vil oppleve kulturlandskapet, helse på dyra og lære om tradisjonelle driftsmetodar på ein gard slik ein gjorde det for kring 150 år sidan.
Som gardsmedarbeidar vil du vere museumsbonden sin sesongmedhjelpar i små og store oppgåver:
- Drift og skjøtsel av slåttemark, åker og beite
- Demonstrasjon og formidling av tradisjonelle skjøtselsmetodar, kulturlandskapstypar og husdyrhald
- Tilsyn og stell av husdyr som kyr, sau, gris og høner
- Vedlikehald og reperasjon av reiskap og gjerder
- Andre førefallande oppgåver på museet
Arbeidet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tidsrommet 07:00-14:30 måndag til fredag i perioden 30.06.2025-01.08.2025.
Du vil få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sesongtilsette i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 26. april.
Vi ser etter deg som:
- er fødd seinast i 2007
- har førarkort kl. B og/eller kl. T
- har erfaring frå arbeid med husdyr og landbruk
- har erfaring med bruk av traktor og landbruksmaskiner
- har interesse for og likar å formidle kulturlandskap og historiske driftsmetodar
- likar praktisk utearbeid
- tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- er stødig og til å lite på
- har ordenssans
- er open og omgjengeleg
Generell informasjon
Som sesongmedarbeidar på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum vil du vere tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, avdeling kulturhistorie.
Sesongmedarbeidarar blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.
Søknadsfrist: 28.02.2025
Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
For meir informasjon, ta kontakt med museumsleiar Trude K. Knagenhjelm på tlf. 91 55 65 22
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
Om arbeidsgiveren
Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og turistar kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og gjenstandar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Vi har omlag 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea.
Les meir på Musea i Sogn og Fjordane sin nettstad.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mannhellervegen 643, 6854 Kaupanger
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Agronom, Hjelpearbeider, Veterinær og dyrepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392098489
- Sist endret