![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/12/vertical-5/09/6/047/eb4/80-/77d/7-1/1ed/-9b/7f-/f3b/878/e0b/6e6_1047670778.jpg)
Skaderådgiver jusstudent, 20%
If Forsikring (If Skadeforsikring)
- Frist 25.2.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Er du jusstudent og ynskjer å jobbe med erstatningsrett og kontraktsrett i Nordens leiande forsikringsselskap?
…dersom svaret er ja, er det store sjansar for at du kan vere den vi er på jakt etter!
I Large, Complex & International Claims i If arbeidar vi med nokre av dei største og mest komplekse skadesakene innanfor næringslivet. Vil du vere ein del av dette miljøet og bistå oss med stort og smått i daglege?
Om rollen
I avdelinga for ansvar, transport- og marineskader handterar vi saker og bistår våre næringslivskundar når ein skadesituasjon oppstår. No er vi på utkikk etter ein dyktig jusstudent som kan bistå oss i det daglege arbeidet.
Stillinga vil tilhøyre vårt ansvarsteam, men det vil også kunne vere behov for bistand i saker relatert til transport – og marineskader. Ansvarsteamet handterar krav fremja under ansvarsforsikringa til våre næringsdrivande kundar. Sakene vi handterar varierar frå dei relativt enkle til dei meir komplekse, og arbeidskvardagen vil difor vere variert og utfordrande. Arbeidet vil dels kunne bety direkte kontakt med kundar, kravstillarar, interne ressursar og andre aktørar. Vi har også behov for bistand til støttefunksjonar og reine administrative oppgåver.
I dette arbeidet vil du vere med på å sikre høg kvalitet og ansvarleg og proaktiv handtering av skadesaker. Framifrå kundeservice til våre profesjonelle kundar er noko som ligg i ryggmargen din.
Gjennom arbeidet vil du få eit spanande innblikk og opparbeide deg verdifull kunnskap og erfaring innanfor erstatningsrett, kontraktsrett og forsikringsrett.
Om teamet
Vi i If sel tryggleik! Vi forsikrar alle typer verksemder, frå dei minste enkeltpersonføretak til dei største nordiske selskap med aktivitet over heile verda. Med vår høge kompetanse er vi der for våre forsikringstakarar når noko skjer. Vi ynskjer å finne smidige løysingar til det beste for kundane. Både små utfordringar og katastrofar vert handtert med med stoltheit, engasjement og løysingsfokus.
Vi er eit team som samarbeidar godt og som ser viktigheita av å gjere kvarandre gode. Vi er opptekne av å skape ein trygg atmosfære der det er låg terskel for å drøfte faglege problemstillingar, og der det også skal vere rom for uhøgtidleg skravling innimellom arbeidet.
Vi tilbyr
Dette er noko av det vi tilbyr deg som jobbar hjå oss:
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mange sosiale samankomstar
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, dyktige og dedikerte kollegaer
- Ein arbeidsplass med fokus på helse og trivsel
- Moderne, innbydande og funksjonelle kontorlokale på Vækerø med mellom anna særs gode moglegheiter for fysisk trening
Kven er du?
Personen vi søker etter er positiv, har gode kommunikative evner og ser verdien av framifrå kundeservice. Vidare ser vi etter deg som ikkje er redd for å hoppe ut i det ukjende og trivst med eit høgt tempo i arbeidskvardagen.
Vi ser føre oss at du er godt i gong med utdanningsløpet, men likevel har minimum to år att av studiet. Du har gode akademiske resultat og sterk indre driv.
Erfaring frå og/eller særskilt interesse for rettsområda erstatningsrett, kontraktsrett og forsikringsrett er ein fordel.
Arbeidstid og oppstart
Dette er ei deltidsrolle der du jobbar på dagtid etter avtale, ca. 20 %. Du må ha kapasitet til å jobbe på kontoret éin til to dagar i veka, totalt ca. 8-10 timar i veka. Det forventast at ein har høve til å arbeide meir i feriar.
Oppstart av stillinga vil vere mars/april 2025, men dette avtalast nærare.
Tilleggsinformasjon og rekrutteringsprosessen
For å søke på stillinga: Vi gler oss til å motta CV-en din, karakterutskrift og svara dine på spørsmåla i søknadsportalen vår.
Søknadsfrist: Snarast, og seinast innan 25.02.2025. Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
Kontakt: Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med leiar for Ansvar, Transport og Marine (Large, Complex & International Claims Norway), Irlin Renate Engebø, på tlf. 971 13 270 eller irlin.renate.engebo@if.no.
Vi ser fram til å bli kjende med deg!
Vi nyttar Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
I stillinga er det krav om god kredittvurdering, og søkjaren sin kredittinformasjon vil bli sjekka før eit eventuelt jobbtilbod.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Drammensveien 264, 0283 Oslo
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Juridiske tjenester, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
Nøkkelord
jusstudent, ansvarsrett, forsikring, deltidsstilling, forsikringsrett
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392515169
- Sist endret