
Vektar deltidsstilling helg
Helse Bergen
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vektar deltidsstilling helg
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 700 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift Sikkerheit har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga har totalt 32,5 stillingsheimlar, og er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.
Vi ser etter deg som har vektarutdanning og gjerne erfaring innan fagområdet. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.
Vi har no ledig 2 stk 27 % faste stilling som vektar i seksjon resepsjon.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjonsteneste
- Følgeteneste
- Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar
- Utrykkingsteneste på ulike typar alarmar t.d. innbrot, brann, teknisk, utagerande pasientar
- Fastvakt på utagerande pasientar
- HLO tjeneste
- Handtering av parkeringsanlegg
- Til tider fysisk krevjande arbeid
- Arbeidstida er turnus og variere mellom dag, kveld med helg/helgedagar
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha Førarkort kl B
- God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetjing)
- Vektarkurs, (fullstendig vektarkurs, alle modular). Bestå re-godkjenning kvart 4 år
- Ønskjeleg med fagbrev i sikkerheitsfaget
- Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå vektaryrket er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ærleg og lojal
- Du er serviceinnstilt
- Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig
- Du har høg grad av ansvarskjensle og personleg initativ
- Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Du har evne til å halde hodet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
- Du er i god fysisk form
Vi tilbyr
- Ein utfordrande jobb i eit godt fagleg miljø med hyggelege kollegaer
- God opplæring
- Fagarbeiderlønn (366.000 - 438.000 pr. år i heil stilling etter ansiennitet)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet, Vakt og sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Vekter, Sikkerhet, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393434473
- Sist endret