
Kundeservicemedarbeider
Visit Nordfjordeid AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Lyst til å jobbe med opplevelingar for cruisegjestar på Nordfjordeid?
Visit Nordfjordeid søkjer vertar/servicemedarbeidarar til billettkontoret på cruisekaia!
No har du sjansen til å få ein attraktiv deltidsjobb på Nordfjordeid og få verdifull erfaring i reiselivsbransjen!
Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe i perioden frå august til oktober. Det er aktuelt både for deg som kan jobbe alle cruisedagane eller om du berre kan stille opp av og til. Vi tilpassar arbeidstid og dagar etter kva som passar for deg.
Er du ein student på jakt etter ei kjekk og lærerik ekstra jobb? Eller kanskje du har lang livserfaring og ønskjer ein sosial og givande jobb? Uansett bakgrunn – vi vil gjerne ha deg med på laget!
Kva går jobben ut på?
Som vert på billettkontoret møter du cruisegjestar frå heile verda, hjelper dei med å finne dei beste opplevingane for dagen og sel billettar til spennande utflukter. Du blir ein viktig del av vertskapet på Port of Nordfjordeid og er med på å skape minneverdige opplevingar for gjestane våre.
Vi ser etter deg som:
Er smilande, positiv og utadvendt
Er serviceinnstilt og glad i å hjelpe andre
Tek initiativ og finn løysingar på eiga hand
Er ein lagspelar med godt humør
Likar å jobbe i eit høgt tempo i hektiske periodar
Snakkar flytande engelsk – kan du tysk eller andre språk, er det eit stort pluss!
Vi tilbyr:
Fleksibel arbeidstid – vi tilpassar etter kva som passar deg
Ein spennande og variert jobb i ein pulserande bransje
Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
Gode vilkår og lønn
Moglegheit for fagleg utvikling og fast tilsetting på sikt
Vil du vere med? Send oss ei søknad i dag!
Om arbeidsgiveren
Visit Nordfjordeid er eigd av Fjord Guiding og Lefdal Invest AS. Vi driftar billettkontoret på cruisekaia og tilbyr eit breitt spekter av utflukter og aktivitetar for cruisegjestane. I 2025 ventar vi over 250 000 gjestar frå heile verda – og vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som kan bidra til å gi dei ein fantastisk oppleving av Nordfjord!
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kaivegen 12, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Resepsjon, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
salg, kundeservice, cruise
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394382165
- Sist endret