
Butikkmedarbeider
Extra Dale
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
EXTRA DALE søkjer etter tilkallingshjelp og ferievikarar for sommarsesongen 2025
Har du lyst på sommarjobb i butikk?
Vi søkjer engasjerte og blide medarbeidarar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag, som er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst.
Vi søkjer ferievikarar for kommande sommarsesong. Under ferieavviklinga jobbar du tilnærma heil stilling, og frå hausten av er det ønskeleg at du kan fortsette i deltidsstilling, med arbeidstid hovudsakleg på kveld og helg. Stillinga kan passe for studentar og skuleelvar, men du må ha fylt 18 år.
I sommarsesongen vil arbeidsturnusen være både på dagtid/ kveld og laurdagar.
Arbeidsoppgåvene dine blir:
- Kundehandsaming
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg:
Du er hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.
Vi kan tilby
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Interessert?
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Janne Beate Sande på tlf. 970 37 524.
Søknad og CV registrerast på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 9. mars 2025
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jarstadvegen 24, 6963 Dale i Sunnfjord
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommarjobb, Extra, Coop, Butikk, Dale
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394615261
- Sist endret