
Butikkmedarbeider
Coop Prix Syvde
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
COOP PRIX SYVDE har ledig vikariat som butikkmedarbeider - deltid
Har du lyst på jobb i butikk?
Coop Prix Syvde har ledig vikariat som butikkmedarbeidar i 50% stilling.
Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst. Stillinga ligg i turnus med arbeidsvakter i hovudsak på ettermiddag/kveld og annakvar laurdag. Opningstida i butikken er frå kl. 08:00 til 22:00. Oppstart og varigheit på vikariatet blir etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåvene dine blir:
- Kundehandsaming
- Varemottak / Vareplassering
- Kasse
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg:
Du er hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.
Hos oss får du:
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar.
Interessert?
Spørsmål om stillinga kan rettast til Bente Elin Olsen på tlf. 482 46 319.
Søknad og CV registrerast på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 16. mars 2025
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Syvdefjordvegen, 6140 Syvde
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Coop, Vikariat, Deltid, Syvde, Prix
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395244816
- Sist endret