
Studiekonsulent (førstekonsulent) - 50 % stilling
Universitetet i Bergen
- Frist 15.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Studiekonsulent (førstekonsulent) – 50 % stilling
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Studiekonsulent (førstekonsulent) - 50 % stilling
Velkommen som søkjar til ei 50 % stilling som studiekonsulent (førstekonsulent) ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, ledig frå 1. april 2025.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium driv undervisning og forsking i filosofi på alle nivå og har også ansvaret for undervisning til Examen philosophicum på alle fakulteta ved Universitetet i Bergen (UiB). Instituttet har ca. 45 vitskapeleg tilsette. Årleg er det i alt ca. 3 000 studentar knytt til instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til studieadministrasjonen og arbeidet er i hovudsak eksamens- og undervisningsadministrasjon. Hovudoppgåvene er:
- Timeplanlegging og andre administrative oppgåver som støttar undervisningsaktivitetar for studentar og undervisarar.
- Planlegging og praktisk gjennomføring av eksamen, samt etterarbeid knytt til eksamen.
- Saksbehandling av studiesakar, t.d. tilretteleggingssaker, klagesaker mv.
- Teneste i fakultetet sitt informasjonssenter.
- Informasjonsarbeid til tilsette og studentar.
- Kontaktperson for studentane sitt fagutval.
Andre oppgåver enn dei som er nemnde her må påreknast.
Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapeleg personale, og det er ein sjølvsagt føresetnad at den som blir tilsett medverkar til god kommunikasjon mellom studieadministrasjonen og fagmiljøet.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Det er ei føremon med filosofi i fagkrinsen.
- Noko relevant praksis frå studieadministrativt arbeid, særleg eksamensadministrasjon.
- Kjennskap til relevant lov- og regelverk for det studieadministrative arbeidsfeltet.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge dei norske målformene, og gode engelskkunnskapar.
- God IT-kompetanse. Erfaring med dei studieadministrative programma UiB nyttar (FS, Inspera, TP) er naudsynt. Kjennskap til arkiv-/sakshandsamingssystemet «Elements» er også ei føremon.
- God evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Vi tilbyr:
- Eit godt, interessant og inspirerande arbeidsmiljø.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Stilling som førstekonsulent (kode 1408) med lønn tilsvarande ei årslønn mellom 525.000 og 550.000 kr før skatt for heil stilling, etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Steinar Thunestvedt, telefon 55582384, e-post Steinar.Thunestvedt@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via lenke på denne sida: «SØK STILLINGA».
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Søknadsfrist: 15.03.2025
UiB-id: 25/1525
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sydnesplass 12-13, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395497826
- Sist endret