
Sjukepleiar/ Vernepleiar natt - vikariat
Helse Bergen HF
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar eller Vernepleiar på natt - vikariat
Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes erein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost ogpoliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar,1 psykolog, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisksosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut ogtreningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sinspesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og hartilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod ombrukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgtengasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfaglegsamarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ogbehandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi,treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapisamt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging avfamilieterapeut.
Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleier eller vernepleier på natt frå april til midten av september 2025. Stillinga er på 50 - 60%.
Arbeidsoppgåver
- Ivaretaking av pasientar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling
- Medikamenthandtering
- Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling
- Praktiske gjeremål på posten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vere sjølvstendig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
- Vere tolmodig
- Trivast med å arbeide på natt
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- Ha evne til å sjå pasientane sine behov
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, rusmedisin, nattstilling, Tertnes
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395711344
- Sist endret