
Sjukepleiar/vernepleiar - fast helgestilling
Helse Bergen HF
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Helgestilling, sjukepleiar/vernepleiar
Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes erein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost ogpoliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- oguttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbartverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundtpasienten.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og hartilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har ògtilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbarefasar.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godttverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbartverrfagleg ut i frå eit obligatorisk behandlingsprogram, mellom anna beståandeav gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og mentaliseringsbasertmiljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfaglegoppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.
Vi har no ledig ei helgestilling kor det er moglegheiter for arbeid kvar 3. helg med dag- og kveldsvakter eller kvar 4. helg med langvakter.
Arbeidsoppgåver
- Rusbehandling
- Medisinering
- Abstinensbehandling
- Motivasjonsarbeid for å skape endring
- Tverretatleg samarbeid for å betre pasientens livssituasjon
Kartlegging og tiltak:
- Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
- Kartlegging av rusmiddelbruk
- Kartlegging av somatisk og psykisk helse
- Vurdering av andre tilbod og behandling
- Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Forarkort klasse B
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du må ha:
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- evne til å sjå pasientane sine behov
- positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- respekt for kvar enkelt pasient
- erfaring med pasientgruppen er ønskeleg
Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, helgestilling, Rusmedisin, Kvinnepost Tertnes
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395712089
- Sist endret