
Lærere og fagarbeidere/ assistenter - Tilkallingsvikarer Ytre Arna skule
Bergen kommune
- Frist 23.3.2025
Lærar og fagarbeidar/ assistent- Tilkallingsvikarar Ytre Arna skule
Vil du bli med oss i team YA? Vi treng tilkallingsvikarar for kortare og lengre oppdrag, både som lærar og fagarbeidar/assistent. Vi har behov for ringevikarar omgåande. Vi er klar til å bli kjent med deg som er fleksibel og ønsker nye utfordringar, og i eit miljø med fantastiske elevar og dyktige ansatte!
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.
Skulens visjon er: Trivsel, tryggleik og læring for alle . Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.
Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet. Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette. Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.
Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgaver
Ringevikar som lærar:
- Undervisning i alle fag og på alle trinn.
-Arbeid for eit trygt og inkluderande skulemiljø
- TeamsamarbeidRingevikar som Fagarbeidar/assistent:
-Støtte og veilede elevar, i samarbeid med lærar, på alle trinn
-Arbeid for eit trygt og inkluderande skulemiljø
-Teamsamarbeid
Kvalifikasjoner
Ringevikar som lærar:
Pedagogisk utdanning /lærarutdanning er sterkt ønskeleg, men relevant erfaring kan vege opp for dette
Erfaring frå undervisning på barneskule blir vektlagt
God kompetanse i norsk språk
Ringevikar som fagarbeidar/ assistent:
Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna pedagogisk utdanning har fortrinn
Erfaring frå arbeid med barn er ønskeleg
God kompetanse i norsk språk
Som vikar må du kunne vise gyldig politiattest.
Personlige egenskaper
Du er ein trygg, varm og tydeleg vaksen
Du er fleksibel og robust.
Du møter alle elevar, kollegaer og foreldre med respekt og forståing
Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Dersom du er den vi er ute etter, er det store sjansar for å få jobb kvar dag som ringevikar!
Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
IA-bedrift
Gode velferdsordningar
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Om arbeidsgiveren
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5265 Ytre Arna
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396087864
- Sist endret