
Guide
Fortidsminneforeningen
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Urnes stavkyrkje søkjer omvisarar for sesongen 2025
Brenn du for formidling og er interessert i historie, kunst og arkitektur? Urnes stavkyrkje er ei av dei eldste stavkyrkjene i Noreg, og ligg vakkert til på Ornes i Luster kommune.
Me søkjer omvisarar som kan vere med å gje våre besøkande frå inn- og utland ei minnerik oppleving!
Som omvisar får du høve til å formidle spanande historie i og rundt kyrkja, samt løyse varierte oppgåver innan sal og service. Du er imøtekomande, trivast i vertskapsrolla og meistrar norsk og engelsk godt. Ytterlegare språkferdigheiter er eit stort pluss.
Me opnar 2. mai og held ope til 30. september.
Arbeidsoppgåver
Halde omvisingar i og rundt stavkyrkja
Sal av billettar og varer
Reinhald
Formidle praktisk informasjon og rettleie besøkande
Me ser etter deg som har
Interesse for eller bakgrunn innan kunstfag/historie/arkitektur eller turisme
Erfaring med formidling og kundehandsaming
Snakkar og skriv norsk
Snakkar godt engelsk
Snakkar tysk og/eller andre språk
Me tilbyr
varierte arbeidsoppgaver
unik innsikt i en eiendom med verdensarvstatus
et sosialt arbeidsmiljø
ein plass å bu
Kyrkja er opa alle dagar (med unntak av 17. mai) frå 10:30 til 17:45. Eigen bil er ein fordel. Kvelds/helgejobb må forventas.
Me tilbyr overnatting mot en liten egenandel.
Søknad og CV sendast til urnes (a) fortidsminneforeininga.no. Kandidatane vurderast fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Fortidsminneforeningen eier 40 av de mest verdifulle kulturhistoriske eiendommene i landet, blant annet 8 stavkirker, 10 andre middelalderbyggverk, to gårdsanlegg på Røros og en løkkegård i Oslo. Eiendommene har en betydelig besøksdrift, med over 190 000 besøkende årlig.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Antall stillinger: 9
- Sted: 6870 Ornes
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne, Organisasjoner, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Annet, Kundeservice
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
formidling, guide, omviser, sommerjobb, museum
Foto: Dronegutta
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396756279
- Sist endret