Miljøarbeidar
Austevoll kommune
- Frist 28.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
88 % vikariat ved Gullsmedvegen bu og avlastning
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta gir praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenester knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.
Om stillinga
Gullsmedvegen bu og avlasting har ledig 88 % vikariat som miljøarbeidar.
Stillinga er ledig snarast - til og med januar 2026.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den enkelte sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå teamleiar
- Vi søker ein engasjert medarbeidar som vil vere med å utvikle tenester
- Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Andre utan formell kompetanse kan bli vurdert
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskeleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i Norsk
- Personleg eignaheit er ein føresetnad og blir særleg vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Grunnleggande respekt for menneske og engasjement for tenester til personar med nedsett funksjonevne
- Stå roleg i krevande situasjonar
- Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig
- Ha stå på vilje og like utfordringar
- Open, lojal og påliteleg
- Omsorgsfull, trygg og stabil
- Tilpasningsdyktig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Løysningsorientert, strukturert og tydeleg
- Har god evne til etisk refleksjon
- Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør
- God gjennomføringsevne
- Fagleg engasjement God på å møte og lese mennesker
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du:
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5.400 innbyggarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gullsmedvegen 53, 5397 Bekkjarvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397766455
- Sist endret