Kundeveileder – fast og ringevikar
NGIR
- Frist 31.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kundeveileder? Er du serviceinnstilt og liker å snakke med menneske? Då ser vi etter deg!
Er du student som vil ha litt ekstra inntekt? Har du ein stillesittande jobb i vekedagane og ønskjer å få frisk luft og mosjon? Kanskje du er ein sprek pensjonist og ønskjer å komme deg ut og treffe folk?
Vi i NGIR søkjer etter faste stillinger og ringervikarer som kundeveileder til våre gjenvinningsstasjonar.
Oppmøtestaden din vil vere på gjenvinningsstasjonane våre, anten i Kjevikdalen, på Mjåtveit, Manger eller Litlås, og arbeidstida vil vere i NGIR sine opningstider.
Alle våre stasjonar er opne om laurdagane, så det er primært desse dagane vi har behov, men det er tidvis òg behov i vekedagane og i feriar.
Er du over 18 år, opptatt av kjeldesortering og miljø, liker å vere ute i frisk luft og i tillegg er glad i å treffe mange kundar i løpet av ein arbeidsdag, kan dette vere noko for deg.
Hjå oss i NGIR får du ein variert arbeidskvardag, i eit hektisk, sosialt og livleg arbeidsmiljø, med hjelpsame og trivelege kollegaer.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene dine vil inkludere mottakskontroll på stasjonen, yte god service og gje fagleg rettleiing til kundar, sørgje for at stasjonen alltid er ryddig og presentabel, og andre driftsoppgåver ved behov. Arbeid ved NGIR sitt sorteringsanlegg i Kjevikdalen er også mogleg.
Ønskte kvalifikasjonar:
Vi ønskjer at du har fokus på HMT (helse, miljø og tryggleik), er serviceinnstilt, imøtekomande og har gode evner til å handtere kundar. Erfaring frå kundebehandling og sal er ein fordel. Du bør ha god ordenssans og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert. Førarkort klasse B er nødvendig, og truckførarbevis T4 og hjullastar M4 er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Grunnleggande datakunnskapar er òg viktig.
Personlege eigenskapar:
Som person er du ansvarsfull, påliteleg og ein arbeidsom lagspelar. Du er opptatt av å yte god service, likar å jobbe med menneske og trivst i eit sosialt og hektisk miljø. Du tek raskt til deg ny informasjon og set deg fort inn i nye oppgåver. Du kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar.
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt med leiar for gjenvinningsstasjonane, Ebba Fjeldstad, på tlf. 488 96 148
Send søknad elektronisk via søkjefunksjonen i utlysinga på finn.no.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 90 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 17 000 hushald, og 6500 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Transportavdelinga ligg under NGIR Drift AS frå 2024.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: HMS, Kundeservice, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundeveileder, serviceinnstilt, miljø, trygghet, imøtekommende
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398309921
- Sist endret