
Matvert Spisestua 15%
Helse Bergen HF
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Engasjerte Matverter i 15% søkes til Nordås Rehabiliteringssenter
Ledige stillingar som matvert ved Nordås Rehabiliteringssenter
Helse Bergen søker engasjerte og dyktige matvertar til teamet vårt ved Nordås Rehabiliteringssenter. Vi har ledig to 15% faste stillingar med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.
Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 21 matstover, 10 matstover i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 5 i Glasblokkene, 1 på Nordås, i Sandviken.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev kokk blir føretrekt)
Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
- Bransje: Helse og omsorg, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
matvert, spisestue, Nordås, kantine, rehabiliteringssenter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398873548
- Sist endret