Helsefag eller barne- og ungdomsarbeidar - 65 og 30%
Alver kommune
- Frist 14.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefag eller barne- og ungdomsarbeidar 65% og 30%
Om stillinga
Me søkjer 5 engasjerte og fagleg interesserte helsefag eller barne- og ungdomsarbeidar til å arbeide med ungdommar i Avlastningsbustader. Stillingane er for tida knytt til eit ein-til-ein tilbud per i dag.
Me treng 2 fagarbeidarar på dagtid, ein i kring 65% stilling og ein i kring 30%, samt 3 våkne nattevakter i rundt 70% stilling. Det er mogleg å sjå på omjusteringar når endeleg turnus er fastsett.
Me søkjer etter deg som er tålmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa og ynskjer å gjere ein forskell i born og unge sitt liv!
Om oss
Avlastningsbustader i Alver kommune er tilrettelagde bustader for barn og unge med ulike bistandsbehov. Desse bustadene er ein del av habiliteringstenesta og gjev tenester til barn og unge med nedsett funksjonsevne og/eller utviklingshemming. Målet er å sikre ein best mogleg kvardag for gjestane ved å tilby høgkvalitets tenester og støtte. Me gjev avlastning til pårørande som har særlig tyngande omsorgsarbeid.
Kva vil det sei å kjenna seg heime?
Me ser ikkje berre på barne- og avlastningbustad som ein fysisk stad, men òg som ein eksistensiell tilstand prega av tryggleik, tilhøyrsel og respekt.
Som fagarbeidar vil du vera med på å hjelpa tenestemottakarar, med å skapa ein trygg stad og koma i kontakt med kjensla av å høyra til.
Du vil få moglegheit til å vera med på å utvikla ei faglegheit som har fokus på å skapa endring gjennom relasjonar, tryggleik, tillit og respekt - me ser på dette som grunnleggjande føresetnader for utvikling!
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for barne- og avlastningsbustader, der ungdommen kan utvikla seg etter sine evner og føresetnader.
- Bidra til å etablera gode rutinar og strukturar i kvardagen.
- Gje omsorg og hjelpa ungdom og born med å utvikla nødvendige evner dei treng for å kunne administrere eit kvardagsliv etter sine behov føresetnader.
- Tilretteleggje for ein meiningsfull fritid og arenaer for tilhøyrsle.
- Kollegastøtte
- Fagutvikling
- Rapportering
Kvalifikasjonskrav
- Fagarbeidar innanfor helsefag og/eller barne- og ungdomsarbeid
- Arbeidserfaring med barn/ungdom med utviklingshemming og/eller åtferd som utfordrar
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ha erfaring med og kompetanse i kapittel 9 i helse- og omsorgslova
Personleg eignaheit blir vektlagt - det er viktig at du er ein trygg vaksen som også er trygg på deg sjølv
Me søkjer deg som
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Er trygg på deg sjølv, handterer krevande situasjonar med ro og tydelegheit, og tar kloke avgjerder under press
- Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har interesser eller kompetanse innanfor aktivitetar som sjakk, fiske, gaming og praktisk arbeid
- Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augeblikk i relasjonsbygging
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til born og unge
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Skrenten 64, 5955 Lindås
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400046753
- Sist endret