KUNSTNERISK LEIAR - DIRIGENT
Kurve
- Frist 20.4.2025
- Ansettelsesform Engasjement
KUNSTNERISK LEIAR - DIRIGENT - RYTMISK A CAPELLA
Vokalgruppa Kurve søkjer ny, kunstnarisk leiar frå august 2025.
Vi er ei ambisiøs vokalgruppe som ynskjer å halde høgast mogleg musikalsk nivå innan rytmisk a cappella. Repertoaret vårt har ein stil inspirert av grupper som Pentatonix, Perpetuum Jazzile, Pust og The Real Group.
Gjennom godt besøkte konsertar, har vi bygd ei solid økonomisk plattform som gir oss høve til å satse på kompetanseutvikling og skreddarsydde arrangement av låtar. Typiske arrangement for Kurve er for SSAATBB med beatbox og solist(ar), ofte med éin person på djupaste basstemme. Dei siste åra har vi vore 16 songarar, alle med eigne trådlause mikrofonar.
Vi har også ynskje om å vidareutvikle det sceniske uttrykket vårt, noko som allereie er eit kjennemerke for gruppa. Sjå til dømes eit utdrag frå den siste showkonserten vår, Livsbilde, her: https://www.youtube.com/watch?v=YXGEtUELLkc
Eit kor som søkjer utvikling
Den noværande dirigenten vår sidan oppstarten i 2007, skal vidare til nye oppgåver. Vi ser no etter ein kunstnarisk leiar som kan lose oss inn i neste fase.
Alle songarane er tekne opp i koret gjennom audition og vi ynskjer kontinuerleg å vidareutvikle det musikalske nivået vårt. Kvart år gjennomfører vi seminar for å auke kompetansen, med både eksterne og interne ressursar. I mars i år var vi til dømes i Stockholm og hadde våre eigne workshops med Anders Edenroth, Katarina Henryson og Johannes Rückert Becker frå The Real Group.
Det er mykje kompetanse blant songarane som kan vera ein ressurs både i det musikalske og det sceniske arbeidet. For at både det sceniske og det musikalske skal bli så bra som mogleg, blir det lagt vekt på at gruppa også fungerer godt sosialt.
Kva vi ser etter
Vi søkjer ein kunstnarisk leiar som har:
Solid kompetanse innan song og rytmisk a cappella.
Evne til å byggje relasjonar og skape eit godt sosialt miljø.
Inspirerande leiarstil som fremjar songglede, kreativitet og bevisst scenisk uttrykk.
Erfaring med å jobbe i team og evna til å utnytte songarar si individuelle kompetanse.
Arbeidet utgjer ca. 20% stilling, men med den rette personen kan vi vera villige til å drøfte ulike former for drift.
Ynskjer du ei nøytral vurdering av kapasitetane i koret og korleis vi er å jobba med, kan du ta kontakt med Andres Edenroth (The Real Group) på +46 70-598 76 00.
Er du den vi leitar etter? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Send søknad til: annekhav@gmail.com (styreleder), tlf. 920 94 797 eller olav.tronrud@asko.com , tlf. 916 65 209
SØKNADSFRIST: 20. april 2025
Om arbeidsgiveren
Kurve er et voksenkor med medlemmer fra hele Valdres. Vi etterstreber høyest mulig musikalsk nivå innen rytmisk a capella korsang. Koret har også ambisjoner om å utvikle et aktivt og kreativt scenisk uttrykk. Vi har tillit til at dette målet har gode bieffekter i form av sosialt fellesskap og smittende livsglede.
Vi ønsker å bil et foregangskor innenfor rytmisk korsang i regionen, og å være til inspirasjon for andre til å fortsette i, eller begynne å synge i kor.
For å ivareta stemmeballanse, kvalitet og ansvarsfølelse er medlemstallet begrenset til ca 16. Medlemmer tas opp etter prøveperiode eller prøvesynging.
Koret drar som fellesskap minst en gang i året på større
festivaler eller kurs for å fornye inspirasjonen og øke
kompetansen. Eller vi leier inn folk til å ha kurs for oss.
Siden starten i 2007 har vi opplevd stadig økende publikumsoppmøte. I det siste har det gitt oss resurser nok til at stadig større deler av repertoaret blir arrangert spesielt for Kurve. Dette har vært svært gunstig. Vi ønsker å videreutvikle dette.
Arbeidsformer:
Innstudering, finsliping og vedlikehold av repertoar er
hovedingrediens ved vanlige øvinger. Ved siden av å
øve sang blir det jobbet noe med å utvikle fellesskapet
og tryggheten i ensemblet og med å utvikle sceniske
uttrykksformer som er tjenlig for sette streken i A-en på
konserter.
- Sektor: Privat
- Sted: 2966 Slidre
- Bransje: Kunst og kultur, Musikk, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Kurs og opplæring, Undervisning og pedagogikk, Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dirigent, kunstnerisk leder, vokal, a capella, kor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400118125
- Sist endret