Misjonskonsulent
Det Norske Misjonsselskap (NMS)
- Frist 23.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Misjonskonsulent (50%) i Region Møre
Er du god med menneske og har glød for misjon? Då er du akkurat den vi ser etter.
Er du engasjert, omgjengeleg og brenn for misjon?
Bli med på laget i Det Norske Misjonsselskap (NMS) og vær med på å gjere ein forskjell! Vi søkjer ein dyktig misjonskonsulent til 50% stilling i vår region Møre, som omfattar Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Om stillinga:
Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette frå NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å tilretteleggje for både nye og eksisterande misjonsfellesskap. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.
Arbeidsoppgåver:
Rekruttering og oppfølging: Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.
Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).
Formidling: Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.
Samarbeid: Jobbe tett saman med regionkoordinator, NMSU-tilsette og frivillige for å nå våre mål om eit levande og vitalt frivillighetsarbeid.
Vi ser etter deg som har:
Relevant utdanning og erfaring med leiing av frivillige.
Misjonsengasjement og god formidlingsevne.
Evna til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
God kjennskap til kyrke- og organisasjonsliv.
Erfaring med administrative oppgåver og bruk av dataverktøy.
Kva kan vi tilby?
Ein spennande og variert arbeidskvardag i ein internasjonal organisasjon.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Moglegheit for heimekontor etter avtale.
Løn etter NMS sitt regulativ.
Forventningar til deg:
Søkjaren må disponere bil, då reising i regionen er ein naturleg del av stillinga.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Du må kunne identifisere deg med NMS sitt grunnsyn.
Om NMS:
Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av Norges største misjonsorganisasjonar, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja. I NMS er vårt mål å skape eit verdig liv og eit varig håp ved å dele tru, utrydde fattigdom og bekjempe urettferd. I NMS blir du ein del av eit verdsomspennande fellesskap.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med regionkoordinator, Laila Karin Tusvik Helle, på e-post lailath@nms.no eller telefon 40406060.
Søknadsfrist: 23.04.2025.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Kongensgate 3, 6002 Ålesund
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Menighetsarbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
misjonsarbeid, administrasjon, kirke, frivillighetsarbeid, formidling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400749802
- Sist endret