
Barne - og ungdomsarbeidar
Klepp kommune
- Frist 16.04.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Barne - og ungdomsarbeidar
Vi treng fleire miljøarbeidarar i deltidsstillingar til skulefritidsordninga vår ved Kleppe skule.
Vi har behov for nye tilsette både i tidsavgrensa stillingar fram til 30.06.2026 og faste stillingar. Alle stillingane tiltrer 01.08.2025.
Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med i ca 500 elevar. Vi har eit stort, godt uteområde og har i seinare tid bygd på skulen med ein flott aula og kantine.
Ved vår SFO har vi pr. no fire basar, og vil til hausten ha ca 160 elevar i SFO.
Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Fleire av medarbeidarane har Marte Meo sertifisering og fleire skal på kurs neste år. Saman arbeider vi for å skape ein trygg og god base for alle elevane våre på SFO, med trygge vaksne, mykje leik og kjekke aktivitetar.
Vi er på jakt etter deg som liker å leike og vere aktiv med born, som har ønskje og evne til å skape trygge og gode relasjoner, og som har eit ønskje om å bidra til gode dagar for- og saman med alle elevane våre. Om du kjenner deg igjen, så er kanskje du den rette for oss?
Arbeidsoppgåver
40 og 50% stillingar på ettermiddagar i SFO, i hovudsak om ettermiddagar, men enkelte morgonvakter kan vere mogleg dersom ein ønskjer det.
Som miljøarbeidar har du ansvar for rettleiing, hjelp og oppfølging av einskilde elevar og elevar i grupper etter skoletid, samt organisering og igangsetjing av ulike aktivitetar og leik. Vi ønskjer vaksne som er fleksible, som kan delta i leiken, som ser elevane sine behov og som er gode på å følgje elevenes ønskjer om aktivitetar. Samtidig som du er ein trygg og stødig vaksen som set grenser og tar ansvar for dine arbeidsoppgåver.
Skriv i søknaden kva stillingsprosent du er mest interessert i.
Kvalifikasjonar
Barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande fagutdanning. Anna kompetanse og erfaring kan og vere aktuelt. Erfaring frå arbeid med barn og unge er nødvendig og det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan barn med spesielle behov.
Gode norskkunnskaper.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker aktive voksne:
som er opptatt av og kan skape gode relasjonar med barn.
Som er strukturert og sjølvstendig og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Som har eit inkluderande elevsyn, og ved behov er villig til å jobbe med seg sjølv for å finne nye og betre måtar å nå inn til elevar på.
Som er positiv, fleksibel og har stå-på-vilje.
Har godt humør, og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandskevitnemål må vere NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversattetil et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksom på at dokumentasjonpå blant anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kangi uttelling på lønnsansiennitet.
Vi tilbyr
Ein spanande, variert og utviklande jobb der du får vere med å utgjere ein forskjell for elevane saman med dyktige kollegaer.Klepp kommune har velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Løn i henhold til lokal lønspolitikk
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Viervegen 10, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barne- og ungdomsarbeider, SFO, Miljøarbeider, Fagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 400785784
- Sist endret