Fysioterapeut med oppgåver innan friskliv, kommunehelseteneste og pasientoppfølging
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Fysioterapeut med oppgåver innan friskliv, kommunehelseteneste og pasientoppfølging
- Frist
- 27.09.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Øystre Slidre kommune har søkt og fått innvilga midlar til etablering og utvikling av det kommunale frisklivs-, lærings-, og mestringstilbodet. Vi ønskjer å gjeninnføre tidligare drift, og å vidareutvikle frisklivsentralen i Øystre Slidre kommune. Vi kan tilby 60% fast stiling og 20% prosjektstilling, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som er utdanna fysioterapeut og har interesse for frisklivsarbeid!
Frisklivssentralen er ei helsefremmande og forebyggande kommunal helseteneste. Målet er å fremme helse og forebygge sjukdom ved å gje tidleg hjelp til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Gjennom eit strukturert oppfølgingstilbod gjer vi hjelp til meistring av eigen helse gjennom individuell rettleiing, kurs og grupper knytta til tema som: fysisk aktivitet, kosthald, tobakk/annan avhengigheit, psykisk helse og søvn. Tilbodet bidreg til å utjamne sosiale ulikheiter i levevanar og helse. Ein treng ikkje å ha ei diagnose eller vere sjuk for å vere på et tilbod gjennom Frisklivssentralen.
Stillinga er lokalisert til avdeling rehabilitering og meistring som er ei eigen avdeling på Øystre Slidre helsetun. Avdelinga består av frisklivssentralen, ergoterapitenesta, kvardagsrehabilitering og ambulerande vaktmeister, samt at vi har tett samarbeid med fysioterapeutar med driftsavtale. På avdelinga er det 1 ergoterapeut, 2 fysioterapeutar, 1 hjelpepleiar, idrettspedagog og 1 ambulerande vaktmeister. I tillegg er det 3 fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.
Du vil vere ein pådrivar til å leie og sikre kvaliteten i arbeidet. Det blir lagt opp til samarbeid med relevante instansar i kommunen. I tillegg ønskjer vi å tilby søkaren ei attraktiv stilling med stor grad av autonomi i arbeidet , moglegheit for andre fysioterapioppgåver og moglegheiter for personleg utvikling, sidan ansvar for utvikling av det kommunale tilbodet vil vere sentralt i stillinga.
Hovedmål for prosjektstillinga vil vere å gjenninføre og vidareutvikle det kommunale frisklivstilbodet til kommunen sine innbyggarar med fokus på folkehelsearbeid og forebyggande arbeid i alle aldrar
Arbeidsoppgåver
- Gjeninnføre tidlegare drift og utvikle tilbodet i frisklivssentralen i Øystre Slidre.
- Utøve fysioterapi til pasientar i heimen,og poliklinisk både individuelt og gruppebasert.
- Tverrfagleg samarbeid
- Hjelpemiddelformidling til kommunen sine innbyggjarar
- Journalføre arbeidet i programma Profil og/eller Physica
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Krav om erfaring med å tilrettelegge trening for ulike pasientgrupper
- Fordel med erfaring fra frisklivsarbeid
- Erfaring med tobakksfrikurs, søvnkurs, BraMat er ein fordel
- Fordel med erfaring med Motiverende intervju
- Fordel med kjennskap til kommunale helsetenester
- Gode munnlege og skriftlegekommunikasjonsevner (Bestått norskkurs 3c)
- Gyldig politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar
- Engasjement for forebyggande fysisk- og psykisk helsearbeid
- Evne til sjølvstendig arbeidarbeid, ta initiativ, vere fleksibel og løysningsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Positiv, tydeleg og engasjert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Bidra inn i utvikling av nye tilbod, interesse og evne til å tileigne seg ny oppdatert kunnskap på fagfeltet
- Det blir lagt vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyr
- Stilling som fysioterapeut i Førebygging og Mestring
- Anledning til å medvirke i utvikling av kommunen sitt lavterskeltilbod
- Utfordrande og spennande stilling i ei kommune i utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter tariff
- Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Ingrid Øihaugen, Fysioterapeut, 90246121, ingrid.oihaugen@oystre-slidre.kommune.noGina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, +47 90525192, gina.myreng@oystre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4685987902
Stillingsprosent: 60, 20%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 27.09.2023
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- FINN-kode
- 318573345
- Sist endret
- 06. sep. 2023 12:50